Semesters
MGL5-10KR1 Kroppsøving 1
Ingen.
Faget kroppsøving for grunnskulelærarutdanning 5.-10. trinn skal kvalifisere for undervisning i kroppsøving frå 5. trinn og ut grunnskulen.
Undervisninga i faget skal vere integrert, forskingsbasert og profesjonsorientert. Den tek utgangspunkt i kroppsøving som eit allmenndannande fag og skal vere knytt til praksisfeltet. Faget skal gi studenten fagleg, pedagogisk og fagdidaktisk kompetanse til å arbeide ut frå gjeldande læreplan, utvikle faget i framtida og ivareta dei kroppslege dimensjonane hjå mennesket.
Studenten skal tileigne seg kunnskap om og erfaring med undervisning i ulike rørslemiljø som er relevant for trinn 5-10. Kunnskap om kva som fremjar kroppsleg læring, positiv sjølvforståing og rørsleglede er sentralt. Faget skal styrke profesjonsidentitet og studenten sitt arbeid med mangfald og ulikskap i skulen. Undervisninga skal utvikle studenten si lærarkompetanse, individuelt og i samarbeid med andre.
Emnet er ei innføring i det å vere lærar i kroppsøving på trinn 5-10 i grunnskulen. Det vert lagt vekt på undervisningskompetanse i kroppsøvingsaktivitetar (naturferdsel, symjing, sjølvberging, livberging, ballspel, leik og dans), samt tidsaktuelle rørsleformer i barne- og ungdomskultur. Kunnskap om korleis kroppsøving bidreg til elevane si heilheitlege utvikling, står sentralt.
Emnet bygger på ei eksemplarisk og praktisk tilnærming. Studenten får prøve seg i ulike aktivitetsformer og i variert undervisning i kroppsøving, samt reflektere rundt korleis dette er eigna til å fremje kroppsleg læring, positiv sjølvforståing, helse og rørsleglede for alle elevar. Samarbeid med praksisskule er av vesentleg betyding for å nå målsetingane i emnet. Den fagspesifikke kompetanse vert tileigna gjennom praktisk og teoretisk undervisning og profesjonspraksis.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten har kunnskap om
- kroppsøvingsfaget sitt føremål, eigenart og legitimering til andre skulefag
- undervisnings-, arbeids- og vurderingsformer i kroppsøving
- kva som kan fremje rørsleglede for elevar
- tilpassa opplæring og inkludering i kroppsøving
- kroppsleg læring på bakgrunn av motorisk utvikling
- samspel, medverknad, likestilling og likeverd i kroppsøving
- ulike aktivitetar, idrettar, naturferdsel og trygg og bærekraftig ferdsel
Kandidaten
- kan planlegge, gjennomføre, vurdere og grunngje undervisning i kroppsøvingsfaget, tufta på mål for opplæringa, lokale og individuelle behov
- kan leie og motivere elevar i fagleg arbeid og skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø for alle elevar gjennom varierte aktivitetar
- kan gje undervegs- og sluttvurdering, informere om elevane sitt faglege nivå og utvikling, og gje faglege vurderingsgrunngjevingar
- kan fremme kritisk tenking om kroppsideal som kan pårvirke sjølvkjensle, hele, trening og livsstil
- kan identifisere farer, vurdere og ivareta eleven si sikkerheit i ulike aktivitetar og rørslemiljø
- kan utvikle og utforske eigne ferdigheiter og kunnskapar i varierte aktivitetar
- kan utføre livbergande førstehjelp og livberging i vatn
Kandidaten
- kan formidle fagdidaktiske problemstillingar og kritisk reflektere over profesjonsetiske spørsmål
- kan orientere seg i faglitteratur, reise relevante problemstillingar, undersøke og drøfte desse kritisk og utvikle sin eigen faglege praksis
- arbeide tverrfagleg med utgangspunkt i kroppsøving
- kan inkludere dei fem grunnleggjande ferdighetene på faget sine premissar
Ein vil variere mellom forelesingar, seminar, digitalt læringsarbeid, multimodale arbeidsformer og arbeidskrav, gruppe- og individuelt arbeid. Praktisk undervisning vil i hovudsak foregå i basseng, ute, i nærmiljø, i sal og på stadion.
Ved digital undervisning i zoom vert det stilt krav om aktiv deltaking.
Canvas vert nytta i kommunikasjon med studentane.
Emnet vil bestå av:
Kurs 1: Undervisninglære
Kurs 2: Motorisk læring
Praktiske kurs med fokus på didaktiske problemstillingar knytt til tilrettelegging av aktivitetar i ulike rørslemiljø i kroppsøving:
Kurs 3: Dans, bevegelse til musikk og alternative aktivitetar
Kurs 4: Naturferdsel i nærmiljøet
Kurs 5: Leik, utvalde ballspel og alternative aktivitetar
Kurs 6: Symjing, sjølvberging og livberging
Frammøtekrav:
Krav om 80 % oppmøte i kurs 1, 2, 3, 4 og 6.
Kurs 5: Ballspel: Ein krev 80% frammøte totalt og med minstekrav om 60% frammøte pr. delkurs.
Obligatorisk undervisning kjem fram av kvar einskild kursplan.
Arbeidskrav:
Kurs 2. Samarbeid med praksisfeltet. Tilrettelegging av rørslemiljø og observasjon av barn/ungdom i leik og fysisk aktivitet. Godkjent skriftleg innlevering i små grupper omfang 1500 ord (+/- 10%)
Godkjent arbeidskrav/innlevering i kurs 3, 4, 5 og 6.
Livbergingsprøve i basseng
To godkjente praktisk metodiske oppgåver (PMO) med individuell/gruppevis skriftleg rapport i utvalde kurs i emnet
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4
400kr som skal dekkje bruk av utstyr og materiell.
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Written Exam | Individual | 4 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 60 | Kurs 1: Undervisningslære | ||
Written Exam | Individual | 4 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 40 | Kurs 2: Motorisk læring |