Semestre

MGL5-10MA2A Matematikk 2A: Matematisk argumentasjon og bevis

Emnekode: 
MGL5-10MA2A
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Mathematics 2A: Mathematical argumentation and proofs
Eksamenssemester: 
2025 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL5-10MA1A2 Matematikk 1A: Tal, statistikk og sannsyn
Om emnet

Emnet er ein del av Matematikk 2 for studentar som vel matematikk i grunnskulelærarutdanninga for 5-10.

Innhaldet er basert på retningslinjene for Matematikk 2 i grunnskulelærarutdanninga for 5-10, og er ei fordjuping som bygger vidare på utvalde tema frå Matematikk 1A og 1B.  

Tema i emnet er mellom anna matematisk argumentasjon og bevis, talteori og funksjonsanalyse/modellering.  

Emnet skal gi studentane auka matematisk kompetanse for å kunne undervise på ungdomstrinnet på ein god og fagleg kompetent måte, og vere med å utvikle og forme matematikkfaget. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om ulike matematiske bevis- og argumentasjonsformer og om matematisk teoribygging
  • har kunnskap om talteori og kan relatere denne kunnskapen til det matematikkfaglege innhaldet på 5.-10. klasse 
  • har kunnskap om funksjonsanalyse og modellering og kan relatere denne kunnskapen til det matematikkfaglege innhaldet på 5.-10. klasse 
  • har kunnskap om progresjonen i matematikkfaglege emne gjennom grunnskulen og i vidaregåande skule
Ferdigheiter

Studenten

  • kan formidle spesialkunnskap innanfor talteori og funksjonsanalyse/modellering på 5.-10. klasse 
  • kan bruke digitale verkty i eiga undervisning og i eige studium 
  • kan bruke varierte undervisningsformer forankra i teori og eiga erfaring frå praksis
Generell kompetanse

Studenten

  • kan initiere og leie utviklingsarbeid knytt til matematikkundervisning 
  • kan bruke både matematikkfaglege og -didaktiske kunnskapar på ein sjølvstendig måte  
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studiet legg opp til varierte arbeidsformer, mellom anna førelesingar, utforsking, diskusjon og samtale, problemløysing og sjølvstendig arbeid. Bruk av digitale verktøy i matematikk er ein viktig og naturleg del av emnet.

Det vert kravd aktiv deltaking frå studentane, gjennom engasjement og initiativ, for å fremje eiga og medstudentar si læring.

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til dei timeplanfesta aktivitetane. 

Arbeidskrav:

  • Tre innleveringar 

Arbeidskrava vert presiserte og tidfesta i semesterplanen. Studenten har to forsøk på å få godkjent kvart arbeidskrav.  

Sensorordning
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Ingvild Margrethe Helgøy
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Kalkulator, eit handskrive A4-ark med eigne notat og formelsamling som vert delt ut i lag med eksamensoppgåva.
Godkjent av: 
Arne Myklebust