Semestre
MGL5-10MA2A Matematikk 2A: Matematisk argumentasjon og bevis
Emnet er fyrste del av Matematikk 2 for studentar som vel matematikk i grunnskulelærarutdanninga for 5-10. Tema i emnet er mellom anna matematisk argumentasjon og bevis, talteori og funksjonsanalyse/modellering.
Gjennom emnet får studentane vidareutvikle det faglege grunnlaget sitt for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på ungdomssteget ved å fordjupe seg i matematikkfaglege emne.
Emnet skal gi studentane auka matematisk kompetanse for å kunne undervise i faget på ein god og fagleg kompetent måte, og vere med å utvikle og forme matematikkfaget. Innhaldet er basert på retningslinjene for Matematikk 2 i grunnskulelærarutdanninga for 5-10, og er såleis ei fordjuping i utvalde tema frå Matematikk 1.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
har kunnskap om ulike matematiske bevis- og argumentasjonsformer og om matematisk teoribygging, med eit særleg fokus på talteori og algebra
har kunnskap om talteori og kan relatere denne kunnskapen til det matematikkfaglege innhaldet på 5.-10. klasse
har kunnskap om funksjonsanalyse og modellering og kan relatere denne kunnskapen til det matematikkfaglege innhaldet på 5.-10. klasse
har kunnskap om progresjonen i matematikkfaglege emne gjennom grunnskulen og i vidaregåande skule, og om overgangane mellom dei ulike stega
Studenten
kan formidle spesialkunnskap innanfor talteori og funksjonsanalyse/modellering på 5.-10. klasse
kan bruke digitale verkty i eiga undervisning, og i eige studium og fag
Studenten
kan delta og bidra i FOU-arbeid med tanke på å betre matematikkfaget og matematikkfaget sin undervisningspraksis
kan bruke både matematikkdidaktiske og matematikkfaglege kunnskapar på ein sjølvstendig måte
Studiet legg opp til varierte arbeidsformer, mellom anna førelesingar, utforsking, diskusjon og samtale, problemløysing og sjølvstendig arbeid. Bruk av digitale verktøy i matematikk er ein viktig og naturleg del av emnet.
Det vert kravd aktiv deltaking frå studentane, gjennom engasjement og initiativ, for å fremje eiga og medstudentar si læring.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til dei timeplanfesta aktivitetane.
Arbeidskrav:
- Tre innleveringar
Arbeidskrava vert presiserte og tidfesta i semesterplanen. Studenten har to forsøk på å få godkjent kvart arbeidskrav.
- Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 7 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Kalkulator, eit handskrive A4-ark med eigne notat og formelsamling som vert delt ut i lag med eksamensoppgåva. |