Semestre
MGL5-10MA2A Matematikk 2A: Matematisk argumentasjon og bevis
Emnet er ein del av Matematikk 2 for studentar som vel matematikk i grunnskulelærarutdanninga for 5-10.
Innhaldet er basert på retningslinjene for Matematikk 2 i grunnskulelærarutdanninga for 5-10, og er ei fordjuping som bygger vidare på utvalde tema frå Matematikk 1A og 1B.
Tema i emnet er mellom anna matematisk argumentasjon og bevis, talteori og funksjonsanalyse/modellering.
Emnet skal gi studentane auka matematisk kompetanse for å kunne undervise på ungdomstrinnet på ein god og fagleg kompetent måte, og vere med å utvikle og forme matematikkfaget.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har kunnskap om ulike matematiske bevis- og argumentasjonsformer og om matematisk teoribygging
- har kunnskap om talteori og kan relatere denne kunnskapen til det matematikkfaglege innhaldet på 5.-10. klasse
- har kunnskap om funksjonsanalyse og modellering og kan relatere denne kunnskapen til det matematikkfaglege innhaldet på 5.-10. klasse
- har kunnskap om progresjonen i matematikkfaglege emne gjennom grunnskulen og i vidaregåande skule
Studenten
- kan formidle spesialkunnskap innanfor talteori og funksjonsanalyse/modellering på 5.-10. klasse
- kan bruke digitale verkty i eiga undervisning og i eige studium
- kan bruke varierte undervisningsformer forankra i teori og eiga erfaring frå praksis
Studenten
- kan initiere og leie utviklingsarbeid knytt til matematikkundervisning
- kan bruke både matematikkfaglege og -didaktiske kunnskapar på ein sjølvstendig måte
Studiet legg opp til varierte arbeidsformer, mellom anna førelesingar, utforsking, diskusjon og samtale, problemløysing og sjølvstendig arbeid. Bruk av digitale verktøy i matematikk er ein viktig og naturleg del av emnet.
Det vert kravd aktiv deltaking frå studentane, gjennom engasjement og initiativ, for å fremje eiga og medstudentar si læring.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til dei timeplanfesta aktivitetane.
Arbeidskrav:
- Tre innleveringar
Arbeidskrava vert presiserte og tidfesta i semesterplanen. Studenten har to forsøk på å få godkjent kvart arbeidskrav.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Skriftleg eksamen | Individuell | 6 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Kalkulator, eit handskrive A4-ark med eigne notat og formelsamling som vert delt ut i lag med eksamensoppgåva. |