Semestre
MGL5-10NA1A Naturfag 1A: Fysikk, kjemi og fagdidaktikk
Ingen
Undervisninga i MGL5-10NA1A, saman med MGL5-10NA1B, skal gje studentane fagleg og fagdidaktisk grunnlag for å undervisa naturfag på mellom- og ungdomssteget i grunnskulen tilsvarande naturfag 1 i nasjonale retningslinjer for femårig grunnskulelærarutdanning steg 5-10. Emnet tek for seg tema i fysikk, kjemi og naturfagdidaktikk. På grunnlag av etablert og ny kunnskap/forsking frå naturvitskap og fagdidaktikk, og i samspel med skulepraksis, vil ein utdanna reflekterte lærarar med evne til å gje undervisningi teoretiske, praktiske og haldningsskapande sider av faget, både i overgangen mellom barne- og ungdomssteget og mellom ungdomssteget og vidaregåande opplæring. Naturfag er eit tverrfaglig fag med eit mangfald av arbeidsmåtar, noko som også vil avspegla innhaldet i emnet. Den praktiske undervisninga av faget vil vere knytt til fysikk og kjemi som eit laboratoriefag. Faga er også prega av sine eigne fagspråk, «literacies», og slik er kunnskap om faga sine tankemåtar, arbeidsmåtar, og språk er vesentleg for ein lærar. Naturvitskapane er utforskande av natur, noko som ogsåmå avspegla faget som skule- og lærarutdanningsfag. Sett under eitt vil desse trekka ved naturfag gje grunnlag foreit mangfald av arbeidsmåtar, noko som er lagt til rette for gjennom ulike arbeidskrav i emnet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- skal ha faglege og fagdidaktiske kunnskapar i nokre grunnleggande naturvitskaplege tema frå fysikk og kjemi
- skal ha kunnskap om arbeids- og tankemåtar innan naturvitskap og teknologi
- skal ha kunnskap om undervisning og læring knytt til elevane sin forståing av naturfaglege omgrep, arbeids- og tankemåtar, inkludert overgang frå grunnskule til vidaregåande skule
- skal ha fagdidaktisk kunnskap om planlegging av variert undervisning i naturfag
- skal ha kunnskap om gjeldande læreplan i naturfag og tilhøvet mellom læreplan, lærebøker og eigen undervisning
- skal ha kunnskap om sentrale særmerke ved energiformer som bevaring, overføring og kvalitet i alle områder av naturfaget
- skal ha kunnskap om rørsle og likevekt, slik som krefter og samhandling mellom lekam eller partiklar
- skal ha kunnskap om bølgjer, lyd og lys og korleis desse påverkar liv og livsprosessar
- skal ha kunnskap om bygnaden og eigenskapar til vanlege stoff og enkle kjemiske reaksjonar relatert til fenomen i kvardagen og i naturen
- skal ha kunnskap om, og erfaring med, tryggleik og tryggleiksrutinar ved arbeid i laboratorium og ved praktisk naturfagundervisning generelt
Studenten
- skal ha praktiske ferdigheiter i nokre grunnleggande naturvitskaplege tema frå fysikk og kjemi, slik som å gjennomføra målingar, gjera utrekningar, nytta relevant utstyr og gjennomføra aktivitetar med naudsynte tryggleikstiltak
- skal kunne planlegga og utføra allsidig undervisning i skulefaget naturfag i innanfor ulike rammer og samanhengar
- skal ha ferdigheiter i å undervisa og vurdera elevar sin læring tilpassa den einskilde elev sine evne og føresetnader
- skal utvikla evne til å nytta naturfaglege tema som ein viktig del av fleir- og tverrfagleg undervisning
- skal kunna planlegga, utføra og reflektera over eigen undervisning på ungdomssteget på grunnlag av fagdidaktisk forsking, teori og praksis
- skal kunna planlegga og utføra naturfagundervisning der grunnleggjande ferdigheiter og digital kompetanse er ein tydeleg og integrert del av faget
- kan gjennomføra undervisning der teknologi blir knytt til relevante tema i naturfag
Studenten
- skal kunna nytta kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i utdannings- og yrkessamanheng gjennom å syna samarbeidsevne, ansvarskjensle, og evne til refleksjon og kritisk tenking
- skal kunna knyta rolla som naturfaglærar til etiske, sosiale, økonomiske og politiske problemstillingar som vedkjem naturvitskap og teknologi i samfunnet
Emnet er organisert med teoretisk og praktisk undervisning. I tillegg kjem skriftlege arbeidskrav som skal leverast digitalt. Arbeidskrava vil verte gjevne i form av individuelle innleveringar eller gruppearbeid. Den praktiske undervisninga består av to økter ved HVO pr. semester, kvar på 3 dagar. Nærare informasjon om dette vert gjeve i semesterplanen.
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå «Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda» (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697#KAPITTEL_4, §4-1-7).
Kvar student skal gjennomføre følgjande arbeidskrav:
- Levere fagrapport frå to laboratorieøvingar
- Levere samlerapportar frå alt anna laboratoriearbeid
Minst ein av fagrapportane skal vere knytt til eigen skulepraksis, og alle rapportar skal knytast til aktuelle kompetansemål i gjeldande læreplanverk. Arbeidskrava må vere godkjende for oppnå eksamensrett i emnet. Detaljer knytt til arbeidskrava vert kunngjorde i semesterplanen.
Sensur vert gjennomførd i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11).
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Ingen
Ingen
- Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Skriftleg eksamen | Individuell | 5 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Kalkulator utan høve til lagring av formlar og tekst. Andre hjelpemiddel, som til dømes LK06, periodesystemet og formelsamlingar vert om nødvendig lagt ved eksamensoppgåvene. | Eksamen er delt i to hovuddelar (fysikk, kjemi) samt ein mindre del (naturfagdidaktikk). Begge hovuddelane må vurderast til stått (dårlegast karakteren E) for at svaret samla skal kunne vurderast til stått. |