Semestre

MGL5-10NA1A Naturfag 1A: Fysikk, kjemi og fagdidaktikk

Emnekode: 
MGL5-10NA1A
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Natural Sciences 1A: Physics, chemistry and didactics
Emnenavn på bokmål: 
Naturfag 1A: Fysikk, kjemi og fagdidaktikk
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Undervisninga i MGL5-10NA1A, saman med MGL5-10NA1B, skal gje studentane fagleg og fagdidaktisk grunnlag for å undervise naturfag på mellom- og ungdomssteget i grunnskulen tilsvarande naturfag 1 i nasjonale retningslinjer for fem-årig grunnskulelærarutdanning steg 5-10. Emnet tek for seg tema i fysikk, kjemi og naturfagdidaktikk. På grunnlag av etablert og ny kunnskap/forsking frå naturvitskap og fagdidaktikk, og i samspel med skulepraksis, vil ein utdanne reflekterte lærarar med evne til å gje undervisning i teoretiske, praktiske og haldningsskapande sider av faget, både i overgangen mellom barne- og ungdomssteget og mellom ungdomssteget og vidaregåande opplæring. Naturfag er eit tverrfagleg fag med eit mangfald av arbeidsmåtar, noko som også vil avspegla i innhaldet i emnet. Den praktiske undervisninga av faget vil vere knytt til fysikk og kjemi som eit laboratoriefag. Faga er også prega av sine eigne fagspråk, «literacies», og slik er kunnskap om faga sine tankemåtar, arbeidsmåtar, og språk vesentleg for ein lærar. Naturvitskapane er utforskande av natur, noko som også må avspegle faget som skule- og lærarutdanningsfag. Sett under eitt vil desse trekka ved naturfag gje grunnlag for eit mangfald av arbeidsmåtar, noko som er lagt til rette for gjennom ulike arbeidskrav i emnet.

 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • skal ha faglege og fagdidaktiske kunnskapar i nokre grunnleggande naturvitskaplege tema frå fysikk og kjemi
  • skal ha kunnskap om arbeids- og tankemåtar innan naturvitskap og teknologi
  • skal ha kunnskap om undervisning og læring knytt til elevane si forståing av naturfaglege omgrep, arbeids- og tankemåtar, inkludert overgang frå grunnskule til vidaregåande skule
  • skal ha fagdidaktisk kunnskap om planlegging av variert undervisning i naturfag
  • skal ha kunnskap om gjeldande læreplan i naturfag og tilhøvet mellom læreplan, lærebøker og eiga undervisning
  • skal ha kunnskap om sentrale særmerke ved energiformer som bevaring, overføring og kvalitet i alle område av naturfaget
  • skal ha kunnskap om rørsle og likevekt, slik som krefter og samhandling mellom lekam eller partiklar
  • skal ha kunnskap om bølgjer, lyd og lys og korleis desse påverkar liv og livsprosessar
  • skal ha kunnskap om bygnaden og eigenskapar til vanlege stoff og enkle kjemiske reaksjonar relatert til fenomen i kvardagen og i naturen
  • skal ha kunnskap om, og erfaring med, tryggleik og tryggleiksrutinar ved arbeid i laboratorium og ved praktisk naturfagundervisning generelt
Ferdigheiter

Studenten

  • skal ha praktiske ferdigheiter i nokre grunnleggande naturvitskaplege tema frå fysikk og kjemi, slik som å gjennomføre målingar, gjere utrekningar, nytte relevant utstyr og gjennomføre aktivitetar med naudsynte tryggleikstiltak
  • skal kunne planlegge og utføre allsidig undervisning i skulefaget naturfag innanfor ulike rammer og samanhengar
  • skal ha ferdigheiter i å undervise og vurdere elevar si læring tilpassa den einskilde elev sine evner og føresetnader
  • skal utvikle evne til å nytte naturfaglege tema som ein viktig del av fleir- og tverrfagleg undervisning
  • skal kunna planlegge, utføre og reflektere over eiga undervisning på ungdomssteget på grunnlag av fagdidaktisk forsking, teori og praksis
  • skal kunne planlegge og utføre naturfagundervisning der grunnleggjande ferdigheiter og digital kompetanse er ein tydeleg og integrert del av faget 
  • kan gjennomføre undervisning der teknologi blir knytt til relevante tema i naturfag
Generell kompetanse

Studenten

  • skal kunne nytte kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i utdannings- og yrkessamanheng gjennom å syne samarbeidsevne, ansvarskjensle, og evne til refleksjon og kritisk tenking
  • skal kunne knyte rolla som naturfaglærar til etiske, sosiale, økonomiske og politiske problemstillingar som vedkjem naturvitskap og teknologi i samfunnet
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er organisert med teoretisk og praktisk undervisning. I tillegg kjem skriftlege arbeidskrav som skal leverast digitalt. Arbeidskrava vil verte gjevne i form av individuelle innleveringar eller gruppearbeid. Den praktiske undervisninga består av to økter ved HVO pr. semester, kvar på 3 dagar. Nærare informasjon om dette vert gjeve i semesterplanen.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå «Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda» (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697#KAPITTEL_4, §4-1-7).

Kvar student skal gjennomføre følgjande arbeidskrav:

  • levere fagrapport frå to laboratorieøvingar
  • levere samlerapportar frå alt anna laboratoriearbeid
  • ei naturfagdidaktisk refleksjonsoppgåve

Minst ein av fagrapportane skal vere knytt til eigen skulepraksis, og alle rapportar skal knytast til aktuelle kompetansemål i gjeldande læreplanverk. Arbeidskrava må vere godkjende for oppnå eksamensrett i emnet. Detaljer knytt til arbeidskrava vert kunngjorde i semesterplanen.

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Jan Håkon Vikane
Studieavgift

Ingen

Materialavgift

Ingen

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
6 timar
Stått eller ikkje stått
Alle hjelpemiddel tillatt
Eksamen er delt i to hovuddelar (fysikk, kjemi) samt ein mindre del (naturfagdidaktikk). Begge hovuddelane må vurderast til stått (dårlegast karakteren E) for at svaret samla skal kunne vurderast til stått.