Semestre
MGL5-10NA1A Naturfag 1A: Fysikk, kjemi og fagdidaktikk
Ingen
Undervisninga i MGL5-10NA1A, saman med MGL5-10NA1B, skal gje studentane fagleg og fagdidaktisk grunnlag for naturfagundervisning i grunnskulen på 5.-10. steg (jmf. Nasjonale retningslinjer for grunnskolelærerutdanningen 5.- 10. trinn).
Emnet tek for seg tema i fysikk, kjemi og fagdidaktikk. Energi, bølgjer, elektrisitet, astrofysikk, uorganisk og organisk kjemi er sentrale faglege tema. I fagdidaktikk blir det lagt vekt på å utvikle kompetanse og vurderingsevne i å legge til rette for elevane sin progresjon i kunnskap og ferdigheiter i naturfag. Det å kunne legge til rette for undring, utforsking og trene i argumentasjon er ein viktig del av denne kompetansen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
kunnskap om undervisning og læring knytt til elevane si forståing av omgrep, arbeids- og tankemåtar som blir nytta i naturfag
kunnskap om gjeldande læreplan i naturfag og tilhøvet mellom læreplan, lærebøker, digitale verktøy og eiga undervisning
kunnskap om sentrale særmerke ved energiformer som bevaring, overføring og kvalitet
kunnskap om krefter, rørsle og likevekt
kunnskap om elektrisitet, bølgjer, lyd og lys
kunnskap om solsystemet og utviklinga av universet
kunnskap om bygnaden og eigenskapar til vanlege stoff og kjemiske reaksjonar.
kunnskap om formlar og namn på uorganiske sambindingar.
kunnskap om skriving og balansering av reaksjonslikningar, kjemisk likevekt, syrer og baser, redoksreaksjonar og elektrokjemi
kunnskap om varme, uorden og spontanitet.
kunnskap om bygnaden og eigenskapar til organiske sambindingar
Studenten skal kunne
planlegge, gjennomføra og reflektere over eiga undervisning i naturfag på 5.-10. steg forankra i forsking, teori og praksis og med spesielt fokus på utforskande arbeidsmåtar og grunnleggande ferdigheiter
gjennomføra praktisk undervisning i fysikk og kjemi med bruk av relevant utstyr, vurdere nødvendige tryggleikstiltak og gjere målingar og utrekningar med og utan digitale verktøy
gjennomføre undervisning der teknologi og bruken av digitale verktøy vert knytt til relevante tema i naturfag
Studenten
har innsikt i naturvitskaplege metodar og tenkemåtar og naturfag si rolle som allmenndannande fag
kan analysere og bruke gjeldande læreplan i naturfag som utgangspunkt for naturfagundervisning
kan legge til rette for overgangen frå barnetrinn til ungdomstrinn og frå ungdomstrinn til vidaregåande skule
kan drøfte og vurdere eigen rolle, praksis og utviklingsmoglegheiter som naturfaglærar
forstår korleis digital teknologi, digitale læremiddel og læringsressursar kan bidra til å motivere og støtte elevane sin læringsprosess
Undervisninga i emnet er organisert i form av førelesingar, digitale økter, oppgåveløysing og praktisk laboratoriearbeid. Nærmare informasjon om organisering av emnet vert gjeve i semesterplanen.
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå «Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda» (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697#KAPITTEL_4, §4-1-7).
Kvar student skal ha fått godkjent følgjande arbeidskrav:
fagrapport frå to laboratorieøvingar
samlerapportar frå alt anna laboratoriearbeid
ei naturfagdidaktisk refleksjonsoppgåve
Detaljar knytt til arbeidskrava vert kunngjorde på Canvas.
Arbeidskrava og oppmøtekravet må vere godkjend for å oppnå eksamensrett i emnet.
Sensur vert gjennomførd i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 6 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |