Semestre
MGL5-10NO1B Ungdomslitteratur, lese- og skrivevanskar, munnleg kommunikasjon, multimodale tekstar og norsk som andrespråk
På norsk 1 emne B skal studentane få forskingsbasert innsikt i norsk språk- og tekstkunnskap på ungdomssteget. Dei skal byggje vidare på kunnskap frå 1A ved å lære å arbeide med å vidareutvikle dei grunnleggjande ferdigheitene lesing, skriving, munnleg bruk av språket, rekning og bruk av digitale verktøy i norskfaget og på tvers av faga. Dei skal utvikle ei god forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis. I tillegg skal studentane utvikle kunnskap om tilpassa opplæring, norsk som andrespråk og lese- og skrivevanskar. Som lærar på ungdomssteget er det forventa at læraren kan utvikle og leggje til rette for eit meir analytisk forhold til tekstar og tekstkulturar. Fokusområdet på emne B er dei utfordringane som er knytt til formidling av norskfaget på ungdomstrinnet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har kunnskap om norsk som andrespråk og fleirspråklegheit
- har kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og multimodale tekstar i ulike sjangrar og medium
- har kunnskap om litteratur for unge og vaksne
- har kunnskap om litteraturteori og litteraturdidaktikk
- har kunnskap om vurdering og leseprøver, til dømes nasjonale prøver
- har kunnskap om lesing og munnleg kommunikasjon, med vekt på vidareutvikling av grunnleggjande ferdigheiter på ungdomssteget
- kjenner til forskings- og utviklingsarbeid med relevans for norskfaget på 5.–10. steg
Studenten
- kan analysere språk og språkbruk og gjere greie for faglege val som skal fremme munnleg og skriftleg språkutvikling hos elevar på ungdomssteget
- kan bruke og vurdere relevante metodar i lese- og skriveopplæringa og legge til rette for at elevar på ungdomssteget får lese og skrive sak- og fiksjonstekstar for ulike formål og i ulike sjangrar og medium
- kan analysere litterære tekstar og planlegge, gjennomføre og vurdere arbeid med litteratur frå ulike perspektiv og for ulike formål
- kan nytte kartleggingsmateriell og nasjonale prøver for å kartlegge og vurdere grunnleggjande språkferdigheiter, sette i verk tiltak for tilpassa opplæring og oppdage lese- og skrivevanskar
- kan oppdage lese- og skrivevanskar og legge til rette for tilpassa opplæring
- meistrar skriftleg nynorsk og bokmål og kan undervise elevar i begge målformer
Studenten
- kan legge til rette for at alle elevar på ungdomssteget vidareutviklar grunnleggande språkferdigheiter og blir tekstkyndige språkbrukarar som deltek aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer
- kan vurdere eigen praksis som norsklærar med utgangspunkt i gjeldande læreplanar og faglege kunnskapar og innsikter
Undervisingsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid i basisgrupper og individuelt arbeid. Det er ein føresetnad at studentane tileignar seg lærestoff gjennom sjølvstudium utanom den organiserte undervisningstida. Studentane skal gjennom heile studiet bruke språket aktivt i skriftleg og munnleg kommunikasjon med medstudentar og faglærarar – mellom anna i form av faglege framlegg og med støtte i digitale verktøy. Studentane bli møtte med forventningar om aktiv deltaking gjennom heile studieprosessen.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697
Arbeidskrav:
- To skriftlege arbeidskrav på 2000 ord (+/- 20 %), ein på nynorsk og ein på bokmål. Arbeidskrava er knytt til erfaringar frå praksis og til pensum. Studentane skal arbeide prosessorientert med oppgåvene.
- Gruppeoppgåve med digital forteljing og ein munnleg presentasjon. Studentane skal vise evne til refleksjon rundt arbeidsprosessen og produktet, samt didaktisk bruk av digital forteljing i klasserommet.
- Ei didaktisk refleksjonsoppgåve knytt til datamateriale innsamla i eigen praksis
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Begge målformer skal nyttast i mappa for å sikre at studentane har kompetanse i både nynorsk og bokmål | Studenten skal velje eitt av dei to skriftlege arbeidskrava og levere ein gjennomarbeidd versjon av denne. I tillegg må mappa innehalde ein refleksjonstekst der studenten grunngjev valet og drøftar innhaldet i lys av fagdidaktiske mål. |