Semesters

MGL5-10NO1B Ungdomslitteratur, lese- og skrivevanskar, munnleg kommunikasjon, multimodale tekstar og norsk som andrespråk

Course code: 
MGL5-10NO1B
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2018 Autumn
Assessment semester: 
2018 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Course content

På norsk 1 emne B skal studentane få forskingsbasert innsikt i norsk språk- og tekstkunnskap på ungdomssteget. Dei skal byggje vidare på kunnskap frå 1A ved å lære å arbeide med å vidareutvikle dei grunnleggjande ferdigheitene lesing, skriving, munnleg bruk av språket, rekning og bruk av digitale verktøy i norskfaget og på tvers av faga. Dei skal utvikle ei god forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis. I tillegg skal studentane utvikle kunnskap om tilpassa opplæring, norsk som andrespråk og lese- og skrivevanskar. Som lærar på ungdomssteget er det forventa at læraren kan utvikle og leggje til rette for eit meir analytisk forhold til tekstar og tekstkulturar. Fokusområdet på emne B er dei utfordringane som er knytt til formidling av norskfaget på ungdomstrinnet.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har kunnskap om norsk som andrespråk og fleirspråklegheit
  • har kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og multimodale tekstar i ulike sjangrar og medium
  • har kunnskap om litteratur for unge og vaksne
  • har kunnskap om litteraturteori og litteraturdidaktikk
  • har kunnskap om vurdering og leseprøver, til dømes nasjonale prøver
  • har kunnskap om lesing og munnleg kommunikasjon, med vekt på vidareutvikling av grunnleggjande ferdigheiter på ungdomssteget
  • kjenner til forskings- og utviklingsarbeid med relevans for norskfaget på 5.–10. steg 
Learning outcome skills

Studenten

  • kan analysere språk og språkbruk og gjere greie for faglege val som skal fremme munnleg og skriftleg språkutvikling hos elevar på ungdomssteget
  • kan bruke og vurdere relevante metodar i lese- og skriveopplæringa og legge til rette for at elevar på ungdomssteget får lese og skrive sak- og fiksjonstekstar for ulike formål og i ulike sjangrar og medium
  • kan analysere litterære tekstar og planlegge, gjennomføre og vurdere arbeid med litteratur frå ulike perspektiv og for ulike formål
  • kan nytte kartleggingsmateriell og nasjonale prøver for å kartlegge og vurdere grunnleggjande språkferdigheiter, sette i verk tiltak for tilpassa opplæring og oppdage lese- og skrivevanskar
  • kan oppdage lese- og skrivevanskar og legge til rette for tilpassa opplæring
  • meistrar skriftleg nynorsk og bokmål og kan undervise elevar i begge målformer 
Learning outcome qualification

Studenten

  • kan legge til rette for at alle elevar på ungdomssteget vidareutviklar grunnleggande språkferdigheiter og blir tekstkyndige språkbrukarar som deltek aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer
  • kan vurdere eigen praksis som norsklærar med utgangspunkt i gjeldande læreplanar og faglege kunnskapar og innsikter
     
Working and learning activities

Undervisingsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid i basisgrupper og individuelt arbeid. Det er ein føresetnad at studentane tileignar seg lærestoff gjennom sjølvstudium utanom den organiserte undervisningstida. Studentane skal gjennom heile studiet bruke språket aktivt i skriftleg og munnleg kommunikasjon med medstudentar og faglærarar – mellom anna i form av faglege framlegg og med støtte i digitale verktøy. Studentane bli møtte med forventningar om aktiv deltaking gjennom heile studieprosessen.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697

Arbeidskrav:

  • To skriftlege arbeidskrav på 2000 ord (+/- 20 %), ein på nynorsk og ein på bokmål. Arbeidskrava er knytt til erfaringar frå praksis og til pensum. Studentane skal arbeide prosessorientert med oppgåvene.
  • Gruppeoppgåve med digital forteljing og ein munnleg presentasjon. Studentane skal vise evne til refleksjon rundt arbeidsprosessen og produktet, samt didaktisk bruk av digital forteljing i klasserommet.
  • Ei didaktisk refleksjonsoppgåve knytt til datamateriale innsamla i eigen praksis 
Evaluation system

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. 

Maximum number of students: 
50
Person in charge: 
Kristin Kibsgaard Sjøhelle
Used in other programs
  • Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
1 Semesters
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Begge målformer skal nyttast i mappa for å sikre at studentane har kompetanse i både nynorsk og bokmål
Studenten skal velje eitt av dei to skriftlege arbeidskrava og levere ein gjennomarbeidd versjon av denne. I tillegg må mappa innehalde ein refleksjonstekst der studenten grunngjev valet og drøftar innhaldet i lys av fagdidaktiske mål.
Approval signature: 
Anne Øie