Semestre

MGL5-10NO2B Norsk 2B: Språk- og tekstvitskap

Emnekode: 
MGL5-10NO2B
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
7,5
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Vår
Eksamenssemester: 
2024 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL5-10NO1A Norsk 1A: Norsk på mellomsteget
MGL5-10NO1B Norsk 1B: Norsk på ungdomssteget
Om emnet

I norsk 2B står samanhengen mellom språk og tekst i fortid og samtid sentralt. Studentane skal få utvida, forskingsbasert innsikt i korleis språket har utvikla seg og framleis utviklar seg. Vidare vert arbeid med språkleg mangfald, språkleg variasjon og normering vektlagt i emnet. Andre emne er fleirspråkleg didaktikk, nabospråksforståing og nabospråksdidaktikk. Studentane lærer om skrivedidaktikk med særleg vekt på argumenterande skriving og vurdering. 

I tillegg skal studentane arbeide med eit breitt spekter av arbeidsmåtar, slik at dei skal få ei utvida forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis.  

På norsk 2B-emnet ligg også FoU-oppgåva. FoU-oppgåva skal vere eit sjølvstendig individuelt og empirisk retta forskingsarbeid i kombinasjon mellom eitt valt undervisningsfag og Pedagogikk og elevkunnskap i tredje studieår. Sjå eigen emneplan for FoU-oppgåva.  

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten 

  • har brei kunnskap om språkleg variasjon og norsk som første- og andrespråk
  • har brei kunnskap om nabospråk og nordisk tekstkultur 
  • har kunnskap om språkhistorie, dialektar og språksosiologi 
  • har kunnskap om skriving og skrivedidaktikk  
Ferdigheiter

Studenten

  • kan finne fram til, forstå, vise til og reflektere over relevant norskfagleg forskingslitteratur og skrive akademiske fagtekstar 
  • kan bruke relevante vitskapsteoretiske metodar og ny teknologi på måtar som fremjar samarbeid og fagleg progresjon i den andre lese- og skriveopplæringa  
  • vurdere lese- og skriveferdigheiter og gi læringsfremjande respons til alle elevar 
  • kan kombinere munnlege og skriftlege undervisningsformer
  • kan analysere relevant forsking og formidle eit samansett fagstoff 
Generell kompetanse

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere fagleg utviklingsarbeid i møte med framtidas skule  
  • kan vise fagleg engasjement i viktige spørsmål om skule og opplæring 
  • forheld seg sjølvstendig til forskingsetiske problemstillingar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisingsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid i basisgrupper og individuelt arbeid. Det er ein føresetnad at studentane tileignar seg lærestoff gjennom sjølvstudium utanom den organiserte undervisningstida. Studentane skal gjennom heile studiet bruke språket aktivt i skriftleg og munnleg kommunikasjon med medstudentar. 

Studentane får tilbod om ein tur til samisk språkområde og Røros. Denne turen er ikkje obligatorisk.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 

Arbeidskrav:

  1. Eit munnleg arbeidskrav.
  2. Eit munnleg/skriftleg arbeidskrav. 
  3. Studentane må vere budde på mindre oppgåver knytt til undervisning i tillegg til arbeidskrava.
Minimumstal: 
0
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Marit-Lovise Brekke
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Munnleg eksamen: studenten førebur ein presentasjon over eit gitt tema (12 min), deretter følgjer ein fagsamtale, der heile pensum blir lagt til grunn (18 min). Studenten må vere budd på å kunne greie ut og reflektere over alle delar av den oppsette litteraturlista.
Godkjent av: 
Arne Myklebust