Semestre
MGL5-10NO2B Norsk 2B: Språk- og tekstvitskap
I norsk 2B står samanhengen mellom språk og tekst i fortid og samtid sentralt. Studentane skal få utvida, forskingsbasert innsikt i korleis språket har utvikla seg og framleis utviklar seg. Vidare vert arbeid med språkleg mangfald, språkleg variasjon og normering vektlagt i emnet. Andre emne er fleirspråkleg didaktikk, nabospråksforståing og nabospråksdidaktikk. Studentane går også djupare inn i skrivedidaktikk med særleg vekt på argumenterande skriving og vurdering.
I tillegg skal studentane arbeide med eit breitt spekter av arbeidsmåtar, slik at dei skal få ei utvida forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis.
På norsk 2B-emnet ligg også FoU-oppgåva. FoU-oppgåva skal vere eit sjølvstendig individuelt og empirisk retta forskingsarbeid i kombinasjon mellom eitt valt undervisningsfag og Pedagogikk og elevkunnskap i tredje studieår. Sjå eigen emneplan for FoU-oppgåva.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har brei kunnskap om språkhistorie, språklege endringsprosessar i eldre og nyare tid og gjeldande normering av nynorsk og bokmål
- har brei kunnskap om språkleg variasjon og norsk som første- og andrespråk
- har kunnskap om nabospråk og nordisk tekstkultur
- har brei kunnskap om skriving og skrivedidaktikk
Studenten
- kan finne fram til, forstå, vise til og reflektere over relevant norskfagleg forskingslitteratur og skrive akademiske fagtekstar
- kan bruke relevante vitskapsteoretiske metodar og ny teknologi på måtar som fremjar samarbeid og fagleg progresjon i den andre lese- og skriveopplæringa
- vurdere lese- og skriveferdigheiter og gi læringsfremjande respons til alle elevar
- kan nytte nynorsk og bokmål skriftleg og undervise elevar i begge målformer
- kan skrive akademiske fagtekstar på nynorsk og bokmål
- kan analysere relevant forsking og formidle eit samansett fagstoff
Studenten
- kan planlegge, gjennomføre og vurdere fagleg utviklingsarbeid i møte med framtidas skule
- kan vise fagleg engasjement i viktige spørsmål om skule og opplæring
- forheld seg sjølvstendig til forskingsetiske problemstillingar
Undervisingsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid i basisgrupper og individuelt arbeid. Det er ein føresetnad at studentane tileignar seg lærestoff gjennom sjølvstudium utanom den organiserte undervisningstida. Studentane skal gjennom heile studiet bruke språket aktivt i skriftleg og munnleg kommunikasjon med medstudentar
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6
Arbeidskrav:
- Eit munnleg arbeidskrav knytt til fleirspråkleg opplæring. Arbeidskravet er tverrfagleg med PEL.
- Ei vekes opphald på Schæffergaarden i Danmark med kurs i norsk, svensk, dansk språk og litteratur i lærarutdanninga i regi av Fondet for Dansk-Norsk samarbejde. Dersom ein ikkje har høve til å delta på kurset, får studenten eit skriftleg arbeidskrav på inntil 1500 ord (+/- 10%) på bokmål om nabospråk og nabospråksdidaktikk. Det vert elles gitt nærare informasjon om arbeidskrava i semesterplanen.
- Studentane må vere budde på mindre oppgåver knytt til undervisning i tillegg til arbeidskrava.
- Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 29 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Alle hjelpemiddel tillatt |