Semesters
MGL5-10NO2B Norsk 2B: Språk- og tekstvitskap
I norsk 2B står samanhengen mellom språk og tekst i fortid og samtid sentralt. Studentane skal få utvida, forskingsbasert innsikt i korleis språket har utvikla seg og framleis utviklar seg. Vidare vert arbeid med språkleg mangfald, språkleg variasjon og normering vektlagt i emnet. Andre emne er fleirspråkleg didaktikk, nabospråksforståing og nabospråksdidaktikk. Studentane lærer om skrivedidaktikk med særleg vekt på argumenterande skriving og vurdering.
I tillegg skal studentane arbeide med eit breitt spekter av arbeidsmåtar, slik at dei skal få ei utvida forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis.
På norsk 2B-emnet ligg også FoU-oppgåva. FoU-oppgåva skal vere eit sjølvstendig individuelt og empirisk retta forskingsarbeid i kombinasjon mellom eitt valt undervisningsfag og Pedagogikk og elevkunnskap i tredje studieår. Sjå eigen emneplan for FoU-oppgåva.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har brei kunnskap om språkleg variasjon og norsk som første- og andrespråk
- har brei kunnskap om nabospråk og nordisk tekstkultur
- har kunnskap om språkhistorie, dialektar og språksosiologi
- har kunnskap om skriving og skrivedidaktikk
Studenten
- kan finne fram til, forstå, vise til og reflektere over relevant norskfagleg forskingslitteratur og skrive akademiske fagtekstar
- kan bruke relevante vitskapsteoretiske metodar og ny teknologi på måtar som fremjar samarbeid og fagleg progresjon i den andre lese- og skriveopplæringa
- vurdere lese- og skriveferdigheiter og gi læringsfremjande respons til alle elevar
- kan kombinere munnlege og skriftlege undervisningsformer
- kan analysere relevant forsking og formidle eit samansett fagstoff
Studenten
- kan planlegge, gjennomføre og vurdere fagleg utviklingsarbeid i møte med framtidas skule
- kan vise fagleg engasjement i viktige spørsmål om skule og opplæring
- forheld seg sjølvstendig til forskingsetiske problemstillingar
Undervisingsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid i basisgrupper og individuelt arbeid. Det er ein føresetnad at studentane tileignar seg lærestoff gjennom sjølvstudium utanom den organiserte undervisningstida. Studentane skal gjennom heile studiet bruke språket aktivt i skriftleg og munnleg kommunikasjon med medstudentar.
Studentane får tilbod om ein tur til samisk språkområde og Røros. Denne turen er ikkje obligatorisk.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6
Arbeidskrav:
- Eit munnleg arbeidskrav.
- Eit munnleg/skriftleg arbeidskrav.
- Studentane må vere budde på mindre oppgåver knytt til undervisning i tillegg til arbeidskrava.
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oral examination | Individual | 30 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Munnleg eksamen: studenten førebur ein presentasjon over eit gitt tema (12 min), deretter følgjer ein fagsamtale, der heile pensum blir lagt til grunn (18 min). Studenten må vere budd på å kunne greie ut og reflektere over alle delar av den oppsette litteraturlista. |