Semestre
MGL5-10SA2A Samfunnsfag 2A: Politikk og demokrati
Demokrati som styreform, livsform og samfunnsform er hovudtema i emnet. Det sentrale er å utvikle studentane sitt kunnskapsgrunnlag og deira forståing av korleis eit demokratisk samfunn er bygd opp, og korleis skulen kan fremje demokratiske verdiar og haldningar som motvekt mot fordommar og diskriminering. Samfunnsfaget si rolle i å bidra til førebygging av ekstreme haldningar, ekstreme handlingar og terrorisme er sentralt i dette.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- kunnskap om fagdidaktisk teori og forsking i samfunnsfag og samfunnsfag som skulefag
- kunnskap om kritisk tenkning som utgangpunkt for arbeid med kritisk refleksjon i skulen
- kunnskap om konspirasjonsteoriar og terrorhandlinga i Norge 22. juli 2011
- kunnskap om sentrale føresetnader for og problemstillingar som gjeld medborgarskap, demokrati og demokratiseringsprosessar i nasjonal og internasjonal politikk før og no
- kunnskap om ideologiar, makt, politiske system og demokratiske kanalar i fortid og notid.
- kunnskap om samane som urfolk, og om dei nasjonale minoritetane
- kunnskap om økonomiske strukturar, globalisering, verdiskaping og marknad ut frå romlege og politiske perspektiv
- kunnskap om menneskerettar
Studenten skal kunne
- bruke og evaluere ulike digitale og ikkje-digitale arbeidsmåtar som fremjar elevaktive læringsformer i samfunnsfag
- ha ei djupare forståing av rollene som skulen og læraren har i demokratiet og demokratiopplæringa
- formulere ei problemstilling som grunnlag for skriving av akademisk tekst
Studenten skal kunne
- legge til rette for kritisk og reflekterande undervisning i samfunnsfag
- bruke ulike typar kjelder og arbeide med kjeldekritikk i undervisning
- oppdatere seg fagleg og reflektere over eigen praksis
Læringsutbytte blir varetatt gjennom studentaktive læringsformer og vurderingsformer som legg vekt på fagleg refleksjon.
- Det er obligatorisk frammøte til undervisinga (sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 6-6).
- Arbeidskrav: Tre arbeidskrav knytta til prosessarbeid med semesteroppgåva. Rammene blir klare ved semesterstart
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Studentane skal velje tema og problemstilling sjølv, og denne skal godkjennast av faglærar. Det vert gitt ein førebels bokstavkarakter på semesteroppgåva. | Alle | Oppgåva skal ha eit omfang på minimum 3 000 og maksimum 3 500 ord. | |
Munnleg justerande eksamen | Individuell | 30 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | - Semesteroppgåva må vere bestått før ein kan gå opp til munnleg eksamen. - Eksamenen tek utgangspunkt i semsteroppgåva, men gjeld pensum for heile emnet. - Munnleg justerande eksamen betyr at prestasjonen på munnleg eksamen kan føre til ei eventuell justering av karakteren på semesteroppgåva. Studenten får vite den endelege karakteren same dag. | Ingen |