Semestre

MGL5-10SA2A Samfunnsfag 2A: Politikk og demokrati

Emnekode: 
MGL5-10SA2A
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2023 Haust
2024 Vår
Eksamenssemester: 
2024 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL5-10SA1A Samfunnsfag 1A: Samfunnsfag som skule- og vitskapsfag
MGL5-10SA1B Samfunnsfag 1B: Samfunnsutvikling og berekraft
Om emnet

Demokrati som styreform, livsform og samfunnsform er hovudtema i emnet. Det sentrale er å utvikle studentane sitt kunnskapsgrunnlag og deira forståing av korleis eit demokratisk samfunn er bygd opp, og korleis skulen har vore og er viktig for å oppretthalde og vidareutvikle demokratiet. Dette vil bli studert med ulike humanistiske og samfunnsfaglege perspektiv. 

 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • kunnskap om fagdidaktisk teori og forsking i samfunnsfag og samfunnsfag som skulefag
  • kunnskap om kritisk tenkning som utgangpunkt for arbeid med kritisk refleksjon i skulen
  • kunnskap om sentrale føresetnader for og problemstillingar som gjeld medborgarskap, demokrati og demokratiseringsprosessar i nasjonal og internasjonal politikk før og no
  • kunnskap om ideologiar, makt, politiske system og demokratiske kanalar i fortid og notid.
  • kunnskap om samane som urfolk, og om dei nasjonale minoritetane
  • kunnskap om økonomiske strukturar, globalisering, verdiskaping og marknad ut frå romlege og politiske perspektiv
  • kunnskap om menneskerettar
Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • bruke og evaluere ulike digitale og ikkje-digitale arbeidsmåtar som fremjar elevaktive læringsformer i samfunnsfag
  • ha ei djupare forståing av rollene som skulen og læraren har i demokratiet og demokratiopplæringa
  • formulere ei problemstilling som grunnlag for skriving av akademisk tekst
Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • legge til rette for kritisk og reflekterande undervisning i samfunnsfag
  • bruke ulike typar kjelder og arbeide med kjeldekritikk i undervisning
  • oppdatere seg fagleg og reflektere over eigen praksis
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Læringsutbytte blir varetatt gjennom studentaktive læringsformer og vurderingsformer som legg vekt på fagleg refleksjon. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  • Det er obligatorisk frammøte til undervisinga (sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6).
  • Arbeidskrav: Tre arbeidskrav knytta til prosessarbeid med semesteroppgåva. Rammene blir klare ved semesterstart
Sensorordning
Maksimumstal: 
45
Emneansvarleg: 
Nils Magne Magerøy
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Studentane skal velje tema og problemstilling sjølv, og denne skal godkjennast av faglærar. Det vert gitt ein førebels bokstavkarakter på semesteroppgåva.
Alle
Oppgåva skal ha eit omfang på minimum 3 000 og maksimum 3 500 ord.
Munnleg justerande eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
- Semesteroppgåva må vere bestått før ein kan gå opp til munnleg eksamen.
- Eksamenen tek utgangspunkt i semsteroppgåva, men gjeld pensum for heile emnet.
- Munnleg justerande eksamen betyr at prestasjonen på munnleg eksamen kan føre til ei eventuell justering av karakteren på semesteroppgåva. Studenten får vite den endelege karakteren same dag.
Ingen
Godkjent av: 
Randi Bergem 27.02.2023