Semestre

MGL5-10SA2A Samfunnsfag 2A: Politikk og demokrati

Emnekode: 
MGL5-10SA2A
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2022 Haust
Eksamenssemester: 
2022 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL5-10SA1A Samfunnsfag 1A: Samfunnsfag som skule- og vitskapsfag
MGL5-10SA1B Samfunnsfag 1B: Samfunnsutvikling og berekraft
Om emnet

Demokrati som styreform, livsform og samfunnsform er hovudtema i emnet. Det sentrale er å utvikle studentane sitt kunnskapsgrunnlag og deira forståing av korleis eit demokratisk samfunn er bygd opp, og korleis skulen har vore og er viktig for å oppretthalde og vidareutvikle demokratiet. Dette vil bli studert med ulike humanistiske og samfunnsfaglege perspektiv. 

Studentane vil i få høve til å vidareutvikle didaktiske ferdigheiter. Særleg vil det bli arbeidd med historiemedvit, læremiddelanalyse, kritisk tenking og refleksjon som ferdigheiter i samfunnsfag. Studentane vil også få innføring i rollene som skulen og læraren har i arbeidet med elevane si politiske sosialisering og danning.

Gjennom arbeidet med semesteroppgåva skal studentane få vidareutvikle ferdigheiter i akademisk skriving, og få innføring i samfunnsvitskapeleg metode med vekt på tekstanalyse av ulike tekstar frå fortid og notid.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • kunnskap om fagdidaktisk teori og forsking i samfunnsfag og samfunnsfag som skulefag
  • kunnskap om sentrale føresetnader for og problemstillingar som gjeld medborgarskap, demokrati og demokratiseringsprosessar i nasjonal og internasjonal politikk før og no
  • kunnskap om ideologiar, makt, politiske system og demokratiske kanalar i fortid og notid.
  • kunnskap om samane som urfolk, om dei nasjonale minoritetane, og om kulturelt mangfald i Noreg 
  • kunnskap om økonomiske strukturar, verdiskaping og marknad ut frå romlege og politiske perspektiv
  • djupnekunnskap om utvalde teoriar og metodar i geografi, historie og samfunnskunnskap
Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • ta i bruk relevante faglege hjelpemiddel og uttrykksformer i samfunnsfag
  • arbeide med verdiar og haldningar i samfunnsfag for å fremme kritisk refleksjon og handlingskompetanse hos elevane
  • bruke og evaluere ulike digitale og ikkje-digitale arbeidsmåtar som fremjar elevaktive læringsformer i samfunnsfag
  • ha ei djupare forståing av rollene som skulen og læraren har i demokratiet og demokratiopplæringa
  • arbeide sjølvstendig med faglege spørsmål
  • finne, vurdere og bruke relevante samfunnsfaglege læremiddel, kjelder og metodar i eige studiearbeid og eiga undervising 
Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • legge til rette for at elevane kan reflektere over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking og kreativitet
  • reflektere over bruk av ulike typar kjelder og kva kjeldekritikk har å seie for kritisk tenking
  • oppdatere seg fagleg og reflektere over eigen praksis
  • bidra til elevar si forståing for korleis digitale arenaer kan gi moglegheiter for deltaking i demokratiske og kulturelle prosessar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Læringsutbytte blir ivaretatt gjennom studentaktive læringsformer og vurderingsformer som legg vekt på fagleg refleksjon. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  • Det er obligatorisk frammøte til undervisinga (sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6).
  • Alle studentane skal skrive ei semesteroppgåve, individuelt (på 3 000 – 3 500 ord). Tema for dette arbeidet skal vere relatert til undervisningstema i emnet.
  • Studenten må få godkjent tema og problemstilling av faglærar.
  • Delta på eit oppgåveseminar der studentane vurderer tekstane til kvarandre, og gir kvarandre konstruktive tilbakemeldingar.
Sensorordning
Maksimumstal: 
45
Emneansvarleg: 
Nils Magne Magerøy
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Studentane skal velje tema og problemstilling sjølv, og denne skal godkjennast av faglærar. Det vert gitt ein førebels bokstavkarakter på semesteroppgåva.
Oppgåva skal ha eit omfang på minimum 3 000 og maksimum 3 500 ord.
Munnleg justerande eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
- Semesteroppgåva må vere bestått før ein kan gå opp til munnleg eksamen.
- Eksamenen tek utgangspunkt i semsteroppgåva, men gjeld pensum for heile emnet.
- Munnleg justerande eksamen betyr at prestasjonen på munnleg eksamen kan føre til ei eventuell justering av karakteren på semesteroppgåva. Studenten får vite den endelege karakteren same dag.
Godkjent av: 
Randi Bergem 03.03.2022