Semestre
MGL5-10SA2A Samfunnsfag 2A: politikk og demokrati
Ei demokratisk utvikling kviler på samfunnsborgarar si forståing og toleranse for mangfald og maktfordeling. Samfunnsfaglærarar har ein grunnleggande og viktig funksjon i å utvikle kunnskap om korleis historie, geografi og samfunnsvitskapane påverkar maktfordeling. Fokus i dette emnet vil vere å utvikle studentane sitt kunnskapsgrunnlag og forståing av korleis eit demokratisk samfunn er bygd opp og korleis skulen har vore og er sentral i å oppretthalde og vidareutvikle demokratiet.
I geografi vil kart som premiss for lokale demokratiske prosessar vere sentralt saman med kunnskap om lokale endringsprosessar. I historie vil utviklinga av det norske samfunnet frå 1945 og fram til i dag stå sentralt. I samfunnskunnskap vil media og skulen si rolle i demokratiet i fortid, notid og framtid vere sentrale tema.
Studentane vil i få høve til å vidareutvikle didaktiske ferdigheiter frå tidlegare emne. Særleg vil det bli arbeid med historiemedvit og kritisk tenking og refleksjon som ferdigheiter i samfunnsfag. Dei vil og få ei innføring i skulens og lærarens rolle i arbeidet med elevanes politiske sosialisering og danning.
Gjennom arbeidet med semesteroppgåva skal studentane få vidareutvikle ferdigheiter innan akademisk skriving, og få ei innføring i samfunnsvitskapeleg metode med fokus på tekstanalyse av ulike tekstar frå fortid og notid.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- kunnskap om fagdidaktisk teori og forsking i samfunnsfag og samfunnsfag som skulefag i eit demokratiteoretisk perspektiv
- kunnskap om medborgarskap, demokrati og demokratiseringsprosessar
- kunnskap om ideologiar, makt, politiske system og demokratiske kanalar i fortid og notid.
- kunnskap om skulen og samfunnsfaget si rolle i arbeidet med elevane sin digitale kvardag i eit makt- og demokratiperspektiv
- kunnskap om økonomiske strukturar, verdiskaping og marknad ut frå romlege og politiske perspektiv
Studenten skal kunne
- ta i bruk relevante faglege hjelpemiddel og uttrykksformer i samfunnsfag
- arbeide med verdiar og haldningar i samfunnsfag for å fremme kritisk refleksjon og handlingskompetanse hos elevane kan bruke og evaluere ulike arbeidsmåtar som stimulerer elevane til medvit om tid og rom
- ha innsikt i skulens og lærarens rolle i demokratiet og demokratiopplæringa
- arbeide sjølvstendig med faglege spørsmål
- finne, vurdere og bruke relevante samfunnsfaglege kjelder og metodar i eit kritisk perspektiv
- bruke digitale kart og kartverktøy kritisk i eiga undervisning
Studenten skal kunne
- legge til rette for at elevane kan reflektere over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking og kreativitet
- reflektere over bruk av ulike typar kjelder og kva kjeldekritikk har å seie for kritisk tenking
- oppdatere seg fagleg og reflektere over eigen praksis
Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, klasseundervisning, gruppearbeid, rettleiing, praksis, skriftleg arbeid og ein kort ekskursjon i samfunnskunnskap. Bruk av digitale verktøy ein viktig del av emnet. Studentane vil nytte tilgjengeleg programvare og ressurssider på internett for løysing av oppgåver og for å tileigne seg kunnskap innanfor emnet.
- Det er obligatorisk frammøte til undervisinga (sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6).
- Alle studentane skal skrive ei semesteroppgåve, individuelt (på 3 000 – 3 500 ord). Tema for dette arbeidet skal vere knytt til undervisningstema i emnet.
- For å få vurdert semesteroppgåva si med tanke på karakter, må studenten få godkjent tema og problemstilling av faglærar.
Som del av arbeidet med oppgåva skal studenten:
- Gi ein munnleg presentasjon av arbeidet med oppgåva for studentgruppa tidleg i arbeidsprosessen.
- Delta på eit oppgåveseminar der studentane vurderer tekstane til kvarandre, og gir kvarandre konstruktive tilbakemeldingar.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Studentane skal velje tema og problemstilling sjølv, og denne skal godkjennast av faglærar. Rettleiinga er obligatorisk. Det vert gitt ein førebels bokstavkarakter på semesteroppgåva. | Oppgåva skal ha eit omfang på minimum 3 000 og maksimum 3 500 ord. | ||
Munnleg justerande eksamen | Individuell | 30 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | - Semesteroppgåva må vere bestått før ein kan gå opp til munnleg eksamen. - Eksamenen tek utgangspunkt i semsteroppgåva, men gjeld pensum for heile emnet. - Munnleg justerande eksamen betyr at prestasjonen på munnleg eksamen kan føre til ei eventuell justering av karakteren på semesteroppgåva. Studenten får vite den endelege karakteren same dag. |