Semestre
MGL5-10SA2B Samfunnsfag 2B - Perspektiv på samfunnsfagdidaktikk
I dette emnet vert det lagt vekt på å utvikle kunnskap og ferdigheiter knytt til det å undervise i samfunnsfag; til dømes ved å bruke disiplinfaglege tema frå historie, geografi eller samfunnskunnskap. Fokuset skal gi meir nyansert og presis kunnskap om grunnlaget for å strukturere og formidle kunnskap frå desse fagfelta. I dette emnet skal den disiplinfaglege kunnskapen koplast saman med didaktisk kunnskap, og studentane skal utforske eigne læringsstrategiar og utvikle nye, som grunnlag for refleksjon kring kognisjon, læring og danning. Studentane skal kunne vidareutvikle eigne læringsstrategiar og dele med medstudentar, og drøfte i kva grad prosessen har overføringsverdi til klasseromsarbeid om læring..
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- Samfunnsfagets mandat
- Fagleg formidling i skule-heim samarbeid
- Drøfte omgrepa tillit, sosialisering, identitet, kognisjon, læring og danning, og filosofi, pedagogisk filosofi, pedagogikk og didaktikk.
- Detaljert og nyansert disiplinfagleg kunnskap i tema frå historie, geografi eller samfunnskunnskap..
- Nyansert kunnskap om didaktiske arbeidsmåtar og vurdering i samfunnsfag. Sette vurdering og didaktikk i samanheng.
- Kjeldeforståing
- Utvikle eit profesjonsfagleg språk
- Observasjonskompetanse
- Operasjonalisere samfunnsfagdidaktikk.
- Memorere og analysere
- Kontekstualisere og drøfte
- Autonomi, mot og kritisk refleksjon.
- Kommunikative ferdigheiter
- Refleksjon og samarbeid
- Rolleforståing og profesjonsidentitet
- Digital oversikt
- Danning som grunnlag for eit humant og sivilisert samfunn
Organisering etter mål og innhald:
Forelesing/formidling: i plenum, gruppe og individuelt. Bruk av VR - øve på skule-heim samarbeid,
Seminar/drøfting: gruppe, øve på tavleundervisning.
Refleksjon: studentaktivitet i plenum, par/gruppe, regelmessig loggskriving; individuelt.
Samarbeid: Gruppe: utvikle læringsplattform, arbeid med digitale verkty, diskusjonsforum, oppgåveløysing, tavleundervisning.
Litteraturstudium: individuelt arbeid/læringspartnar, gruppe, rettleiing
Emnet har tre obligatoriske arbeidskrav. Kandidatar må få godkjent alle for å framstille seg til eksamen.
- Levere to skriftlege arbeid
- Utvikle pensumlitteratur
- Dokumentere undervisningsrefleksjon i loggskriving.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4
- Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Munnleg eksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Munnleg eksamen i form av ei presentasjon på 15 minutter og ein samtale om dei vala studenten har gjort i presentasjonen. |