Semestre

MGL5-10SA2B Samfunnsfag 2B - Utforsking av globale perspektiv i samfunnsfaget

Emnekode: 
MGL5-10SA2B
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Haust
2020 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Perspectives on Social Science Didactics
Emnenavn på bokmål: 
Samfunnsfag 2B - Perspektiv på samfunnsfagdidaktikk
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL5-10SA1A Samfunnsfag 1A: Samfunnsfag som skule- og vitskapsfag
MGL5-10SA1B Samfunnsfag 1B: Samfunnsutvikling og berekraft
Om emnet

Utforskaren er sentral i dette emnet. Eit særleg fokus vert sett på problemstillingar relatert til utforsking og danning av ny kunnskap. Emnet tek for seg forholdet mellom natur, kultur, identitet, meiningsdanning og stad, før og no ulike stadar i verda og løftar spesielt fram problemstillingar av global relevans. Særleg fokus vert sett på utvalde land i Afrika, Europa, Asia og Latin-Amerika.  Sentrale tema vil vere levekår og fattigdom, berekraftig utvikling, forholdet mellom menneske og stad, sivilisasjonsdanning, nasjonsbygging, migrasjon og mangfald, og forholdet mellom det lokale, det regionale, det nasjonale og det internasjonale før og no.   Emnet set problemstillingar og utdanning i eit globalt perspektiv og kvalifiserer studentane til å bidra til vidareutvikling av samfunnsfaget og skulen som institusjon for læring og danning i eit globalt samfunn. Studentane vil i få høve til å vidareutvikle didaktiske ferdigheiter frå tidlegare emne. Særleg vert kritisk medvit og gode tilnærmingar for å undervise om verda utanfor Noreg tematisert. Emnet gir også innsikt i ekskursjonsdidaktikk og digital didaktikk.  Gjennom utforsking av eige nærmiljø eller deltaking på ekskursjon møter studentane ekskursjonsdidaktiske utfordringar, og studentane får innsikt i bruk av digitale verktøy i ekskursjonsdidaktikk (sjå «Vilkår for å framstille seg til eksamen»). Det blir arrangert ein frivillig 8-dagars ekskursjon til Island. Ekskursjonen har  naturgeografisk utgangspunkt, men med vektlegging av samspelet mellom natur og menneske i fortid og notid.  
 

 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • inngåande kunnskap om relevante historiske forhold og korleis dei pregar globale, politiske, kulturelle, miljømessige og sosiale forhold, i notid og for framtida
  • inngåande kunnskap om historiske, geografiske og samfunnsmessige forhold andre stader i verda, med særleg fokus på utvalde land i Afrika, Europa, Asia og Latin-Amerika.  
  • inngåande kunnskap om kritiske perspektiv på globale maktforhold, ulikskap og ressursfordelinga i verda
  • djupnekunnskap om relevante teoriar og metodar i geografi, historie og samfunnskunnskap
  • kunnskap om sentrale og relevante vitskapsteoretiske spørsmål innanfor utdanningsforsking og fagdidaktikk
  • kunnskap om korleis legge til rette for opplæring om samfunnsforhold i eit fleirkulturelt og globalt perspektiv, med vekt på kritisk medvit
  • kunnskap om ekskursjonsdidaktikk
  • kunnskap om akademisk skriving  

 

Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • kritisk analysere samfunnsmessige problemstillingar av global relevans, og stimulere til dette i opplæringa
  • analysere relevant forsking og formidle eit samansett fagstoff
  • finne, vurdere og tolke ulike typar kjelder og bruke dette i arbeidet med å utvikle elevane sin kritiske kompetanse og kreativitet 
  • bruke og evaluere ulike arbeidsmåtar som stimulerer elevane til medvit om tid, rom og samfunnsprosessar
  • legge til rette for at elevane utviklar kritisk tenking, medvit og forståing i møte med kulturelt mangfald, og kunnskap om bakgrunnen for globale maktforhold 
  • legge til rette for at elevane skaffar seg overblikk over periodar og utviklingsmønster og for refleksjon over korleis historie og kultur blir konstruert 
  • planleggje, leie og vurdere læringsarbeidet til elevane på ein måte som tek omsyn til mangfaldet i elevgruppa, ulike behov og kulturell og språkleg bakgrunn 
Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • reflektere kritisk over globale samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking
  • oppdatere seg fagleg og reflektere over eigen praksis
  • arbeide sjølvstendig og saman med andre for å identifisere, analysere og løyse problem knytt til elevars læring og utvikling i samfunnsfaget
  • kommunisere og samarbeide med barn og føresette med ulik sosial og kulturell bakgrunn
  • ha innsikt i korleis barn og ungdom forstår faget
  • vise fagleg og sjølvstendig engasjement i viktige spørsmål om skule, opplæring og forskingsetikk 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, klasseundervisning, gruppearbeid, rettleiing, praksis, skriftlege arbeid og ekskursjon. Under føresetnad av stor nok deltaking, vert det gjennomført ekskursjon til Island (frivillig deltaking). Det er forventa at studentane brukar læringsplattforma Canvas og andre anbefalte nettressursar for kommunikasjon, løysing og innlevering av oppgåver, og for å tileigne seg kunnskap innanfor emnet. 
 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Alle studentane skal lage ei digital framstilling med ekskursjonsdidaktisk tema. Nærare detaljar om omfang og gjennomføring ved semesterstart.  For dei som er med på ekskursjon, er deltaking i førebuing og gjennomføring obligatorisk.  
 
Alle studentane skal skrive ein litteraturreview på 850-1000 ord over ein sjølvvalt artikkel, som er godkjend av faglærar  Det er obligatorisk oppmøte til alle timeplanfesta aktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4 -6. 

Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
45
Emneansvarleg: 
Margit Ystanes
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
3 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Alle hjelpemiddel tillatt
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 27.02.19