Semestre

MGL5-10SA2B Samfunnsfag 2B - Utforsking av globale perspektiv i samfunnsfaget

Emnekode: 
MGL5-10SA2B
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2021 Haust
2022 Vår
Eksamenssemester: 
2022 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL5-10SA2A Samfunnsfag 2A: Politikk og demokrati
Om emnet

Utforskaren er sentral i dette emnet. Problemstillingar som gjeld globale forhold og danning av ny kunnskap er særleg viktig. Sentrale tema vil vere levekår og fattigdom, berekraftig utvikling, forholdet mellom menneske, stad og ressursar, konflikt og samarbeid, før og no. Emnet utforskar også urfolksproblematikk både i norsk og internasjonal samanheng, og elles korleis kjønn, seksualitet og kjærleik blir forstått på forskjellige måtar i forskjellige sosiale og kulturelle kontekstar.  

Emnet set utdanning i eit globalt perspektiv og kvalifiserer studentane til å bidra til vidareutvikling av samfunnsfaget og skulen som institusjon for læring og danning i eit globalt og mangfaldig samfunn. 

Studentane skal vidareutvikle didaktiske ferdigheiter frå tidlegare emne. Kritisk medvit og gode tilnærmingar for å undervise om verda utanfor Noreg vert særleg tematisert. Emnet gir også innsikt i ekskursjonsdidaktikk og digital didaktikk.  

Gjennom deltaking på ekskursjon, møter studentane ekskursjonsdidaktiske utfordringar, og studentane får innsikt i bruk av digitale verktøy i ekskursjonsdidaktikk (sjå «Vilkår for å framstille seg til eksamen»). Ekskursjonen utforskar klippfisk som eit inntak til kunnskap om samspelet mellom natur og menneske, kultur, økonomi og natur, i fortid og notid.  

 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal utvikle kunnskap om: 

  • Lokal, regional og internasjonal handelshistorie 

  • Ressursforvaltning og berekraftig utvikling 

  • Internasjonale politiske tilhøve og maktforhold i eit fordelingsperspektiv

  •  Diskriminering og det demokratiske perspektivet- rasisme, urfolk og funksjonshemma

  • Sosial og kulturell påverknad på forståing av kjønn, seksualitet og kjærleik 

  • Samfunnsfag og identitetsdanning 

  • Konflikt og samarbeid i eit samfunnsfagleg perspektiv 

  • Undervisning om samfunnsforhold i eit fleirkulturelt og globalt perspektiv

  • Kjeldeutval og metode som grunnlag for kunnskapsdanning

  • Historie- og samfunnsfagdidaktikk i ikkje-digital og digital undervisning

  • Planleggings- og vurderingspraksis i lys av didaktiske val

  • Ekskursjonsdidaktikk 

  • Samfunnsfagteori

  • Etikk  

Ferdigheiter

Studenten skal øve på å utvikle: 

  • Omgrepsforståing og fagterminologi

  • Observasjonskompetanse   

  • Vurdering av didaktisk relevans 

  • Analyse av årsak-og verknadsforhold knytt til samfunnsfaglege fenomen 

  • Identifisere perspektiv brukt i ein fagtekst

  • Drøfte  kritisk implikasjonane ved perspektiv-val

  • Legge til rette for at elevane skaffar seg overblikk over periodar og utviklingsmønster, og for refleksjon over korleis historie og kultur blir konstruert  

  • Kjeldevurdering av primærkjelder, sekundærkjelder, mediemangfald og digitale plattformer

  • Drøfte didaktiske implikasjonar ved bruk av tjukke/tynne framstillingar i samfunnsfagundervisning

  • Utvikle og drøfte digitale læringsrom

  • Planlegge og vurdere eiga og elevar si kunnskapsutvikling

  • Utforme undervisning universelt

  • God akademisk tekstframstilling, formell tekstkompetanse

  • Fagleg autonomi

Generell kompetanse

Studenten får høve til å øve opp generell kompetanse i:

  • God kommunikasjon - skriftleg og munnleg

  • Kritisk undervisnings- og praksisrefleksjon

  • Sjølvstende i kunnskapsutvikling 

  • Samarbeidsevne

  • Vurdering av organisasjons- og skulekultur

  • Rolleforståing

  • Etisk refleksjon

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, klasseundervisning, gruppearbeid, rettleiing, praksis, skriftlege arbeid og ekskursjon. Det vert gjennomført ein ekskursjon på Sunnmøre. Det er forventa at studentane brukar læringsplattforma Canvas og andre anbefalte nettressursar for kommunikasjon, løysing og innlevering av oppgåver, og for å tileigne seg kunnskap innanfor emnet. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Emnet har to obligatoriske arbeidskrav. Kandidatar må få godkjent begge for å framstille seg til eksamen.

1) Levere ei rekkje med arbeidsoppgåver, gruppeoppgåver og presentasjonar gjennom dei to semestra. 

2) Lage ei digital framstilling med ekskursjonsdidaktisk tema.  

Det vil gå fram av semesterplanen i Canvas kva delar av undervisninga som er obligatorisk.

Maksimumstal: 
45
Emneansvarleg: 
Margit Ystanes
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamen
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Munnleg eksamen i form av ei presentasjon på 15 minutter og ein samtale om dei vala studenten har gjort i presentasjonen.
Godkjent av: 
Randi Bergem 24.02.2021