Semestre
MGL5-10SA3A Stad, identitet og fellesskap
Korleis identitetsutvikling og fellesskap vert påverka av geografiske, historiske og notidige forhold er ein del av kjerneinnhaldet i samfunnsfaget i grunnskulen. I dette emnet utforskar vi tilknytinga mellom menneske og stad, og forholdet mellom stad, historie og identitet gjennom å ta for oss ulike teoretiske og analytiske perspektiv knytt til stad og lokalsamfunn.
Eleven sitt liv er forankra i det lokale og nære. Teoretiske perspektiv som gjeld stad, lokalsamfunn, lokal- og mikrohistorie skal gi studenten innsikt i heimstad og lokalsamfunn som sentral læringsarena i samfunnsfaget. Stad og lokalsamfunn er omgrep som opnar for utforsking, samanlikning og kritisk tenking i møte med allmenne samfunns- og naturprosessar, og kan tydeleggjere samanhengar, endring og kontinuitet i desse prosessane.
I emnet skal bruk av kjelder og metodar for mikrohistorie og lokalsamfunnsanalysar bidra til å gi studentane didaktiske verktøy til å legge til rette for utvikling av historiemedvit og geografisk danning hos elevane.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
har djupnekunnskap om lokalhistorie og mikrohistorie som teoretisk og metodisk grunnlag for samfunnsfagundervisning
har spesialisert kunnskap om didaktisk arbeid med lokalsamfunnet som ramme for utvikling av historiemedvit, identitet og fellesskap
har inngåande teoretisk kunnskap om stad og geografisk danning
har inngåande kunnskap om bruk av kart som kjelde
Studenten
kan analysere lokalsamfunn og mikrohistoriske problemstillingar som grunnlag for eiga undervisning og som ekskursjonsmål
kan planlegge og gjennomføre undervisning som fremmar elevens refleksjon over romlege samanhengar og bruk av historie i lokalsamfunnet
kan kritisk bruke og vurdere geografisk informasjon og kjelder om lokalsamfunnet i arbeid med å utvikle nye problemstillingar og perspektiv som kan stimulere elevar til medvit om tid, rom og samfunnsprosessar
Studenten
kan anvende teoretisk og didaktisk kunnskap om stad og lokalsamfunn til å fremme eleven si utforsking og forståing av samspelet mellom natur og samfunn, mellom det lokale og det globale, og mellom fortid, notid og framtid
kan stimulere til kritisk tenking og kreativitet med lokalsamfunnet som ramme
kan kritisk vurdere elevars læringsutbytte gjennom ekskursjonsbasert undervisning
Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom varierte undervisnings- og arbeidsformer med seminar, ekskursjonar, arbeid i gruppe og prosessorientert skriving og utviklingsarbeid. I undervisninga legg vi stor vekt på kritisk refleksjon og diskusjon.
Frammøtekrav:
Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.
Arbeidskrav:
Analyse av lokalsamfunn/ mikrohistorie med innsamling av empiri som grunnlag for undervisningsopplegg/ekskursjon. Individuell rapport på om lag 1000 ord som gjer greie for kjeldegrunnlag og metode.
Gruppebasert arbeidskrav: planlegging, gjennomføring og evaluering av ein ekskursjon/eit undervisningsopplegg for elevar i grunnskulen.
Individuell rapport på om lag 1000 ord frå det gruppebaserte arbeidskravet (b)
Utarbeide og presentere ei planskisse for ei oppgåve på om lag 3000 ord med sjølvvalt tema og problemstilling.
Nærare instruks for arbeidskrava blir presenterte ved semesterstart. Arbeidskrava blir vurderte til godkjent/ikkje godkjent. Oppgåva med omfang på omlag 3000 ord skal utarbeidast med utgangspunkt i planskissa og leverast i eksamensmappa.
- Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Mappeksamen der arbeidskrav a,c og ferdig utarbeidd oppgåve basert på arbeidskrav d inngår. Mappa skal også innehalde ein presentasjonstekst på 800-1000 ord |