Semestre

MGL5-10SA3A Stad, identitet og fellesskap

Emnekode: 
MGL5-10SA3A
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2022 Haust
Eksamenssemester: 
2022 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL5-10SA2B Samfunnsfag 2B - Perspektiv på samfunnsfagdidaktikk
Om emnet

I dette emnet utforskar vi tilknytinga mellom menneske og stad, og forholdet mellom stad, historie og identitet gjennom å ta for oss ulike teoretiske og analytiske perspektiv knytt til stad, lokalsamfunn, lokalhistorie og mikrohistorie. Stad og lokalsamfunn er omgrep som opnar for utforsking, samanlikning og kritisk tenking i møte med allmenne samfunns- og naturprosessar, og kan tydeleggjere samanhengar, endring og kontinuitet i desse prosessane.

Gjennom emnet skal studenten utvikle innsikt i heimstad og lokalsamfunn som sentral læringsarena i samfunnsfaget. Bruk av kjelder og metodar for mikrohistorie og stadssanalysar skal bidra til å gi studentane didaktiske verktøy til å legge til rette for utvikling av historiemedvit og geografisk danning hos elevane. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal

  • utvikle djupnekunnskap om lokalhistorie og mikrohistorie som teoretisk og metodisk grunnlag for samfunnsfagundervisning   
  • tileigne seg spesialisert kunnskap om didaktisk arbeid med lokalsamfunnet som ramme for utvikling av historiemedvit, identitet og fellesskap   
  • utvikle inngåande teoretisk kunnskap om stad og geografisk danning   
  • utvikle inngåande kunnskap om didaktisk bruk av geografisk informasjon og historefaglege kjelder 
Ferdigheiter

Studenten skal

  • utvikle ferdigheiter i å analysere lokalsamfunn og mikrohistoriske problemstillingar som grunnlag for eiga undervisning og som ekskursjonsmål      
  • utvikle ferdigheiter i undervisningspraksis som fremmar elevens refleksjon over romlege samanhengar og bruk av historie i lokalsamfunnet      
  • utvikle ferdigheiter i å bruke og vurdere geografisk informasjon og kjelder om lokalsamfunnet i arbeid med å utvikle nye problemstillingar og perspektiv som kan stimulere elevar til medvit om tid, rom og samfunnsprosessar
Generell kompetanse

Studenten

  • kan anvende teoretisk og didaktisk kunnskap om stad og lokalsamfunn til å fremme eleven si utforsking og forståing av samspelet mellom natur og samfunn, mellom det lokale og det globale, og mellom fortid, notid og framtid   
  • kan stimulere til kritisk tenking og kreativitet med lokalsamfunnet som ramme   
  • kan kritisk vurdere elevar sitt læringsutbytte gjennom ekskursjonsbasert undervisning 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Læringsutbytte blir ivaretatt gjennom studentaktivitet og varierte undervisningsformer. I undervisninga vert det lagt stor vekt på kritisk refleksjon og diskusjon, og det er ein føresetnad at studentar deltek aktivt i undervisninga. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.

Arbeidskrav:

  1. Utarbeide og presentere ei kort planskisse for ei semesteroppgåve 
  2. Samle inn og presentere historisk og geografisk materiale frå eit lokalsamfunn som skal  kunne nyttast til å utarbeide eit undervisningsopplegg i samfunnsfag  
  3. Utarbeide og presentere/gjennomføre eit undervisningsopplegg tilpassa elevar i grunnskulen basert på materiale innsamla i arbeidskrav 2.  

 Arbeidskrava blir vurderte til godkjent/ikkje godkjent.

Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Kjersti Straume
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Semesteroppgåve med omfang på 3000 - 4000 ord skal utarbeidast og leverast i eksamensmappa saman med arbeidskrav 2 og 3 og ein presentasjonstekst på omlag 500 ord
Godkjent av: 
Randi Bergem 03.03.2022