Semestre

MGL5-10SA3A Stad, identitet og fellesskap

Emnekode: 
MGL5-10SA3A
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2021 Haust
Eksamenssemester: 
2021 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL5-10SA2B Samfunnsfag 2B - Perspektiv på samfunnsfagdidaktikk
Om emnet

Eleven sitt liv er forankra i det lokale og nære. I dette emnet utforskar vi tilknytinga mellom menneske og stad, og forholdet mellom stad, historie og identitet gjennom å ta for oss ulike teoretiske og analytiske perspektiv knytt til stad og lokalsamfunn.   

Stad og lokalsamfunn er omgrep som opnar for utforsking, samanlikning og kritisk tenking i møte med allmenne samfunns- og naturprosessar, og kan tydeleggjere samanhengar, endring og kontinuitet i desse prosessane. Gjennom teoretiske perspektiv på stad, lokalsamfunn, lokal- og mikrohistorie skal studenten utvikle innsikt i heimstad og lokalsamfunn som sentral læringsarena i samfunnsfaget. 

I emnet skal bruk av kjelder og metodar for mikrohistorie og stadssanalysar bidra til å gi studentane didaktiske verktøy til å legge til rette for utvikling av historiemedvit og geografisk danning hos elevane. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal

  • utvikle djupnekunnskap om lokalhistorie og mikrohistorie som teoretisk og metodisk grunnlag for samfunnsfagundervisning  
  •  tileigne seg spesialisert kunnskap om didaktisk arbeid med lokalsamfunnet som ramme for utvikling av historiemedvit, identitet og fellesskap  
  • utvikle inngåande teoretisk kunnskap om stad og geografisk danning  
  • utvikle inngåande kunnskap om didaktisk bruk av geografisk informasjon og historefaglege kjelder 
Ferdigheiter

Studenten skal

  • utvikle ferdigheiter i å analysere lokalsamfunn og mikrohistoriske problemstillingar som grunnlag for eiga undervisning og som ekskursjonsmål     

  • utvikle ferdigheiter i å planlegge og gjennomføre undervisning som fremmar elevens refleksjon over romlege samanhengar og bruk av historie i lokalsamfunnet     

  • utvikle ferdigheiter i å bruke og vurdere geografisk informasjon og kjelder om lokalsamfunnet i arbeid med å utvikle nye problemstillingar og perspektiv som kan stimulere elevar til medvit om tid, rom og samfunnsprosessar

Generell kompetanse

Studenten

  • kan anvende teoretisk og didaktisk kunnskap om stad og lokalsamfunn til å fremme eleven si utforsking og forståing av samspelet mellom natur og samfunn, mellom det lokale og det globale, og mellom fortid, notid og framtid  

  • kan stimulere til kritisk tenking og kreativitet med lokalsamfunnet som ramme  

  • kan kritisk vurdere elevar sitt læringsutbytte gjennom ekskursjonsbasert undervisning 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom varierte undervisnings- og arbeidsformer med seminar, ekskursjonar, arbeid i gruppe og prosessorientert skriving og utviklingsarbeid. I undervisninga legg vi  stor vekt på kritisk refleksjon og diskusjon.  

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.

Arbeidskrav:

  1. Utarbeide og presentere ei planskisse for ei semesteroppgåve på  3000- 4000 ord  der oppgåva skal inkludere ei analyse av lokalsamfunn/ mikrohistorie med innsamling av empiri som grunnlag for eit undervisningsopplegg/ekskursjon.
  2. Basert på planskissa utarbeide ei analyse av lokalsamfunn/ mikrohistorie med innsamling av empiri som grunnlag for undervisningsopplegg/ekskursjon. Funn frå arbeidet skal leggast fram i eit seminar.
  3. Gruppebasert arbeidskrav: planlegge, gjennomføre og evaluere ein ekskursjon/eit undervisningsopplegg for elevar i grunnskulen.
  4. Individuell rapport på om lag 1000 ord frå det gruppebaserte arbeidskravet (c) der undervisingsopplegg, gjennomføring og evaluering i det gruppebaserte arbeidskravet skal skildrast 

Nærare instruks for arbeidskrava blir presenterte ved semesterstart. Arbeidskrava blir vurderte til godkjent/ikkje godkjent.

Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Kjersti Straume
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Semesteroppgåva med omfang på 3000 - 4000 ord skal utarbeidast og leverast i eksamensmappa saman med arbeidskrav d og ein presentasjonstekst på 800-1000 ord
Godkjent av: 
Randi Bergem 25.02.2021