Semestre
MID112 Praktisk medieproduksjon
Studenten må ha bestått MID131 for å kunne ta emnet.
Praktisk innføring i videoproduksjon. Studentane jobbar med historieforteljing gjennom levande bilde, utforskar produksjonsverktøy, og utviklar og produserer korte filmar til ulike plattformer. Gjennom øvingsoppgåver og produksjonar får studentane mengdetrening i videoproduksjon, og utviklar kompetanse i alle delar av produksjonsprosessen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal
- ha kunnskap om medieverktøy
- ha kunnskap om produksjonsprosessen
- ha kunnskap om forteljarteknikk
Studenten skal
- kunne meistre ulike medieverktøy
- kunne utvikle målgrupperetta konsept
- kunne formidle innhald gjennom digitale plattformer
- kunne reflektere over eigen praksis og identifisere behov for eigenutvikling
- kunne jobbe individuelt og i grupper
Studenten skal
- kunne planleggje og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og produksjonar, frå idéutvikling til ferdigstilling av produkt
- kunne presentere og kommunisere sentrale idear og prinsipp for kreativt arbeid, skriftleg og munnleg
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Oversikt over pensum, organisering, omfang og praktisk gjennomføring av arbeidskrav vil gå fram av semesterplanen.
Det er obligatorisk deltaking i undervising og praktiske produksjonar. Jfr. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6. Tidspunkt vil gå fram av semesterplanen.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Bachelor i medieproduksjon
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 2 Veker | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Individuell praktisk produksjon og rapport (2000 ord +/- 10%). |