Semestre

MKK101 Mat, kultur og konservering 1

Emnekode: 
MKK101
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Haust
Eksamenssemester: 
2019 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Emnet er bygt opp kring fem samlingar per semester, og desse fem samlingane har dette innhaldet:

Samling 1: Generell innføring i matkulturomgrepet og konserveringslære. Sylting, safting, tørking og hermetisering av frukt, bær og grønsaker.

Samling 2: Mattradisjonar i Norge før og no. Mataktivitetar knytt til museumsarbeid og anna formidling.

Samling 3: Konservering av kjøtprodukt. Slakting, partering, salting og tørking av kjøt.

Samling 4: Korn og bakst i historisk og kulturelt perspektiv. Takkebakst av lefser og flatbrød.

Samling 5: Julefeiring og julemat i historisk og kulturelt perspektiv. Laging av julemat.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal:

  • forstå matkulturomgrepet og konserveringslære, og beskrive korleis maten har utvikla seg opp gjennom tidene
  • beskrive mattradisjonar i Norge før og no, og planlegge matformidlingsaktivitet
  • forstå, anvende og produsere konserverte produkt som frukt, bær, grønsaker, kjøt og korn
  • forklare samanheng i levesett og korleis teknisk, økonomisk og kulturell utvikling har fått konsekvensar for konservering av mat og den maten vi et i dag
  • forstå og forklare julefeiring og julemat i eit historisk og kulturelt perspektiv
Ferdigheiter

Studenten skal:

  • anvende konserveringsmetodar som sylting, safting, tørking og hermetisering av frukt, bær og grønsaker
  • planlegging og gjennomføring av mataktiviteter med barn og vaksen der formidling, praktisk arbeid eller demonstrasjon står sentralt
  • forstå prosessen med heimeslakting som gamal tradisjon og vite korleis slakting, partering, salting og tørking av kjøt går føre seg
  • utføre arbeidsprosessen med koking av søst, baking av lefser og flatbrød på takke
  • utføre og løyse oppgåver knytt til tradisjonell norsk julemat, som konserverte kjøtrettar, lammerull, syltaflesk, leverpostei og ulike slag spekemat
Generell kompetanse

Studenten skal:

  • i samarbeid med andre utføre praktiske undervisningsaktivitetar knytt til mat og matkultur
  • samanlikne og stille spørsmål ved mat og matkultur før og no
  • reflektere, stille kritiske spørsmål og bedømme kjelder rundt ulike matkulturelle tema
  • utforme og utvikle blogg og matformidlingsaktivitet om handlingsboren og teoretisk kunnskap knytt til matkulturelle tema
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisningsformene er ein kombinasjon av førelesing, praktisk arbeid i grupper, individuell oppgåveløysing og sjølvstudium. Studentar får prosessevalueringar i arbeidsøktene og i arbeidet med blogg. Studentar som er borte frå undervisninga har sjølve ansvar for å orientere seg om det som gjekk føre seg i deira fråvær. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697/§ 4-6). Med deltaking meinar ein at studentane skal arbeide med oppgåveløysing slik at lærar og medstudentar kan få innsyn i læringsprosessane.

Sensorordning

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.

Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Kari Ryslett
Ammar Eltayeb Ali Hassan
Materialavgift

Studentane betaler ei materialavgift på kr. 900,-

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Mat, kultur og konservering
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Mappeeksamen består av to delar: Del 1 utgjer halvparten av mappa og består av fem blogginnlegg knytta til samlingar. Etter innlevering blir eitt av blogginnlegga trekt til vurdering. Del 2 utgjer den andre halvparten av mappa, og består av kasse med tre produkt knytta til samlingane som blir vurdert.
Skriftleg eksamen
Individuell
3 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50