Semestre
MKK101 Mat, kultur og konservering 1
Ingen.
Emnet er bygt opp kring fem samlingar per semester, og desse fem samlingane har dette innhaldet:
Samling 1: Generell innføring i matkulturomgrepet og konserveringslære. Sylting, safting, tørking og hermetisering av frukt, bær og grønsaker.
Samling 2: Mattradisjonar i Norge før og no. Mataktivitetar knytt til museumsarbeid og anna formidling.
Samling 3: Konservering av kjøtprodukt. Slakting, partering, salting og tørking av kjøt.
Samling 4: Korn og bakst i historisk og kulturelt perspektiv. Takkebakst av lefser og flatbrød.
Samling 5: Julefeiring og julemat i historisk og kulturelt perspektiv. Laging av julemat.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal:
- forstå matkulturomgrepet og konserveringslære, og beskrive korleis maten har utvikla seg opp gjennom tidene
- beskrive mattradisjonar i Norge før og no, og planlegge matformidlingsaktivitet
- forstå, anvende og produsere konserverte produkt som frukt, bær, grønsaker, kjøt og korn
- forklare samanheng i levesett og korleis teknisk, økonomisk og kulturell utvikling har fått konsekvensar for konservering av mat og den maten vi et i dag
- forstå og forklare julefeiring og julemat i eit historisk og kulturelt perspektiv
Studenten skal:
- anvende konserveringsmetodar som sylting, safting, tørking og hermetisering av frukt, bær og grønsaker
- planlegging og gjennomføring av mataktiviteter med barn og vaksen der formidling, praktisk arbeid eller demonstrasjon står sentralt
- forstå prosessen med heimeslakting som gamal tradisjon og vite korleis slakting, partering, salting og tørking av kjøt går føre seg
- utføre arbeidsprosessen med koking av søst, baking av lefser og flatbrød på takke
- utføre og løyse oppgåver knytt til tradisjonell norsk julemat, som konserverte kjøtrettar, lammerull, syltaflesk, leverpostei og ulike slag spekemat
Studenten skal:
- i samarbeid med andre utføre praktiske undervisningsaktivitetar knytt til mat og matkultur
- samanlikne og stille spørsmål ved mat og matkultur før og no
- reflektere, stille kritiske spørsmål og bedømme kjelder rundt ulike matkulturelle tema
- utforme og utvikle blogg og matformidlingsaktivitet om handlingsboren og teoretisk kunnskap knytt til matkulturelle tema
Undervisningsformene er ein kombinasjon av førelesing, praktisk arbeid i grupper, individuell oppgåveløysing og sjølvstudium. Studentar får prosessevalueringar i arbeidsøktene og i arbeidet med blogg. Studentar som er borte frå undervisninga har sjølve ansvar for å orientere seg om det som gjekk føre seg i deira fråvær.
Det er obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697/§ 4-6). Med deltaking meinar ein at studentane skal arbeide med oppgåveløysing slik at lærar og medstudentar kan få innsyn i læringsprosessane.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Studentane betaler ei materialavgift på kr. 1 000,-
- Mat, kultur og konservering
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | Mappeeksamen består av to delar: Del 1 utgjer halvparten av mappa og består av fem blogginnlegg knytta til samlingar. Etter innlevering blir eitt av blogginnlegga trekt til vurdering. Del 2 utgjer den andre halvparten av mappa, og består av kasse med tre produkt knytta til samlingane som blir vurdert. | ||
Heimeeksamen | Individuell | 3 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | Alle |