Semestre

MKK102 Mat, kultur og konservering 2

Emnekode: 
MKK102
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Vår
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MKK101 Matkultur 1
Krav til forkunnskapar

Arbeidskrav og krav til oppmøte i emnet mat, kultur og konservering 1 (MKK101) må vere godkjent.

Om emnet

Emnet er bygt opp kring fem samlingar per semester, og desse fem samlingane har dette innhaldet:

Samling 1: Handlingsboren kunnskap om mjølk og mjølkeprodukt, og tradisjonsoverføring av praktiske ferdigheiter. Kinning av smør, ysting av kvitost og koking av brunost.

Samling 2: Norsk fiskerihistorie og konserveringsmetodar av fisk. Laging av tradisjonell fiskemat.

Samling 3: Mat og religion, og drikkeskikkar i historisk og kulturelt perspektiv. Gjennomføring av jødisk påskemåltid.

Samling 4: Mat frå ulike perspektiv og kulturar. Gjennomføring av iransk nyttårsfeiring med Nowroz.

Samling 5: Mat av vårens ville vekstar. Førhistorisk mat og laging av mat i kokegrop med måltid ute.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal:

  • Forstå handlingsboren kunnskap om mjølk- og mjølkeprodukt og tradisjonsoverføring av desse
  • Forstå norsk fiskerihistorie og forklare ulike konserveringsmetoder av fisk  
  • Forstå sammenhengen mellom mat og religion, og forklare drikkeskikkar i historisk og kulturelt perspektiv
  • Samanlikne mat frå ulike perspektiv og kulturar
  • Produsere og eksperimentere med vårens ville vekstar og forklare forhistorisk mat
Ferdigheiter

Studenten skal:

  • produsere ulike mjølkeprodukt som smør, ferskost, kvitost og brunost
  • produsere tradisjonell fiskemat som skreimølje, kams, fiskebollar, fiskekaker, blandaball
  • utføre jødisk påskemåltid med jødiske matrettar og måltidsrituale
  • forstå og utføre iransk matkultur med Nowroz nyttårsfeiring og «Haft sin» bord
  • konstruere og bruke kokegrop til matlaging og organisere måltid ute
Generell kompetanse

Studenten skal:

  • i samarbeid med andre utføre praktiske undervisningsaktivitetar knytt til mat og matkultur
  • samanlikne og stille spørsmål ved mat og matkultur før og no
  • reflektere, stille kritiske spørsmål og bedømme kjelder rundt ulike matkulturelle tema
  • planlegge, utforme og utvikle ei sjølvvalt og individuell semesteroppgåve kring eit matkulturelt tema
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisningsformene er ein kombinasjon av førelesing, praktisk arbeid i grupper, individuell oppgåveløysing og sjølvstudium. Studentar får prosessevalueringar i arbeidsøktene og i arbeidet med blogg. Studentar som er borte frå undervisninga har sjølve ansvar for å orientere seg om det som gjekk føre seg i deira fråvær. 

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/§4-6). Med deltaking meinar ein at studentane skal arbeide med oppgåveløysing slik at lærar og medstudentar kan få innsyn i læringsprosessane.

 

Arbeidskrav:

Studentane skal gjennomføre fire individuelle rettleiingar i prosessen med skriving av semesteroppgåve. I desse rettleiingane skal studentane vise progresjon i framdrifta mellom mellomrettleiingane og sluttrettleiing i arbeidet med semesteroppgåva. Omfang er omlag 3500-6000 ord på sluttproduktet. Studentane skal også gjennomføre  fem mappeinnleveringar knytt til pensumlitteratur, ei av mappene vert trekt og vurdert til eksamen. Detaljar knytt til arbeidskrava vert kunngjort i semesterplanen.

Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Kari Ryslett
Materialavgift

Studentane betaler ei materialavgift på kr. 900,-

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Mat, kultur og konservering
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Mappearbeid består av fem delar: Teoristudiar knytt til pensumlitteratur og refleksjon. Etter innlevering blir ein av mappedelane trekt til vurdering.
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
3500 - 6000 ord.