Semestre
MKK102 Mat, kultur og konservering 2
Arbeidskrav og krav til oppmøte i emnet mat, kultur og konservering 1 (MKK101) må vere godkjent.
Emnet er bygt opp kring fem samlingar per semester, og desse fem samlingane har dette innhaldet:
Samling 1: Handlingsboren kunnskap om mjølk og mjølkeprodukt, og tradisjonsoverføring av praktiske ferdigheiter. Kinning av smør, ysting av kvitost og koking av brunost.
Samling 2: Norsk fiskerihistorie og konserveringsmetodar av fisk. Laging av tradisjonell fiskemat.
Samling 3: Mat og religion, og drikkeskikkar i historisk og kulturelt perspektiv. Gjennomføring av jødisk påskemåltid.
Samling 4: Mat frå ulike perspektiv og kulturar. Gjennomføring av iransk nyttårsfeiring med Nowroz.
Samling 5: Mat av vårens ville vekstar. Førhistorisk mat og laging av mat i kokegrop med måltid ute.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal:
- Forstå handlingsboren kunnskap om mjølk- og mjølkeprodukt og tradisjonsoverføring av desse
- Forstå norsk fiskerihistorie og forklare ulike konserveringsmetoder av fisk
- Forstå sammenhengen mellom mat og religion, og forklare drikkeskikkar i historisk og kulturelt perspektiv
- Samanlikne mat frå ulike perspektiv og kulturar
- Produsere og eksperimentere med vårens ville vekstar og forklare forhistorisk mat
Studenten skal:
- produsere ulike mjølkeprodukt som smør, ferskost, kvitost og brunost
- produsere tradisjonell fiskemat som skreimølje, kams, fiskebollar, fiskekaker, blandaball
- utføre jødisk påskemåltid med jødiske matrettar og måltidsrituale
- forstå og utføre iransk matkultur med Nowroz nyttårsfeiring og «Haft sin» bord
- konstruere og bruke kokegrop til matlaging og organisere måltid ute
Studenten skal:
- i samarbeid med andre utføre praktiske undervisningsaktivitetar knytt til mat og matkultur
- samanlikne og stille spørsmål ved mat og matkultur før og no
- reflektere, stille kritiske spørsmål og bedømme kjelder rundt ulike matkulturelle tema
- planlegge, utforme og utvikle ei sjølvvalt og individuell semesteroppgåve kring eit matkulturelt tema
Undervisningsformene er ein kombinasjon av førelesing, praktisk arbeid i grupper, individuell oppgåveløysing og sjølvstudium. Studentar får prosessevalueringar i arbeidsøktene og i arbeidet med blogg. Studentar som er borte frå undervisninga har sjølve ansvar for å orientere seg om det som gjekk føre seg i deira fråvær.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/§4-6). Med deltaking meinar ein at studentane skal arbeide med oppgåveløysing slik at lærar og medstudentar kan få innsyn i læringsprosessane.
Arbeidskrav:
Studentane skal gjennomføre fire individuelle rettleiingar i prosessen med skriving av semesteroppgåve. I desse rettleiingane skal studentane vise progresjon i framdrifta mellom mellomrettleiingane og sluttrettleiing i arbeidet med semesteroppgåva. Omfang er omlag 3500-6000 ord på sluttproduktet. Studentane skal også gjennomføre fem mappeinnleveringar knytt til pensumlitteratur, ei av mappene vert trekt og vurdert til eksamen. Detaljar knytt til arbeidskrava vert kunngjort i semesterplanen.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
Studentane betaler ei materialavgift på kr. 1 000,-
- Mat, kultur og konservering
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | Mappearbeid består av fem delar: Teoristudiar knytt til pensumlitteratur og refleksjon. Etter innlevering blir ein av mappedelane trekt til vurdering. | ||
Oppgave | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | 3500 - 6000 ord. |