Semestre

MNT201 Rettleiings- og mentorutdanning 1

Emnekode: 
MNT201
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Haust
2025 Vår
Eksamenssemester: 
2025 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emnet rettar seg mot rettleiing av studentar, nyutdanna lærarar og kollegaer, både på individ- og gruppenivå i skule og barnehage.

Emnet gir kunnskap om eit breitt spekter av teoriar og metodar for rettleiing som verkty for læring og kompetanseutvikling. Sentrale tema er kommunikasjon, relasjon og samspel, etiske dilemma og makttilhøve i rettleiing. Det blir lagt vekt på korleis rettleiing, både individuelt og i gruppe, kan styrke læring og utvikling for studentar i praksis, nyutdanna og kollegaer og korleis det kan leggast til rette for eit lærande fellesskap i barnehage og skule. Rettleiing- og mentorutdanning 1 (15 studiepoeng) er første del av eit rettleiingsstudium på 30 studiepoeng.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten 

  • har kunnskap om ulike teoretiske tilnærmingar til rettleiingsfeltet
  • har innsikt i etiske dilemma og maktforhold i rettleiingssituasjonar og i barnehage og skule
  • har kunnskap om korleis rettleiing kan nyttast i praksisopplæring og kompetanseutvikling i skule og barnehage
  • har kunnskap om korleis ein kan inkludere studentar, nyutdanna og kollegaer i eit kritisk reflekterande fellesskap 
Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke ulike rettleiingsstrategiar og -verkty
  • kan planleggje, grunngje, gjennomføre og evaluere rettleiing, sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • kan stimulere til læring og utvikling i relasjonar og meistre dialogskapande kommunikasjon på ulike nivå
  • kan analysere og reflektere kritisk over rettleiingsteoriar og eigen og andre sin praksis som rettleiar  
  • kan utøve etiske vurderingar i samband med rettleiingsarbeid
Generell kompetanse

Studenten

  • kan kritisk vurdere ulike rettleiingsteoretiske tilnærmingar
  • har innsikt i relevante etiske problemstillingar knytte til rettleiingsfeltet 
  • kan drøfte teoriar og erfaringar med andre og gjennom dette bidra til nytenking og utvikling av god praksis
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Det er fire todagars samlingar i studiet. Samlingane inneheld varierte arbeidsformer, som undervisning, rettleiingsøvingar, obligatorisk studentframlegg og plenumsdiskusjonar. Mellom samlingane skal det gjennomførast rettleiingsarbeid på arbeidsplassen og i lokale nettverksgrupper.

I emnet vert det lagt vekt på studentaktive læringsformer og studentane må rekne med høg deltakaraktivitet. Studiet nyttar dei ressursane som ligg i studentane si yrkeserfaring som grunnlag for å skape eit godt læringsmiljø i emnet. Studentane vert organiserte i lokale nettverksgrupper som rettleiar kvarandre og drøftar faglege tema. Her inngår skriftlege rapporteringar (logg) frå arbeidet som ein viktig læringsstrategi.

Tilbakemelding og undervegsvurdering er ein viktig del av studieprosessen. I studiet vil studentane få tilbakemelding på eigen rettleiingspraksis frå medstudentar og faglærarar. Det vert lagt opp til eigenvurdering blant anna gjennom skriving av fagtekstar, videopresentasjon og gjennom erfaringsdrøftingar i nettverksgruppene. 

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

  • Deltaking på fire obligatoriske todagarssamlingar (minimum 75 % oppmøte).
  • Deltaking i fire samlingar i nettverksgruppene.

Arbeidskrav:

  • Det skal skrivast ein kort felles logg frå samlingane i nettverksgruppene med opplysningar om innhald og kven som var til stades.
  • Gjennomføring av fire rettleiingsøkter der studenten er rettleiar. Studenten som er rettleiar skal skrive ein kort logg frå rettleiinga (omlag 300 - 800 ord).
  • Innlevering av to individuelle fagtekstar (maks 1200 ord) frå rettleiingsøkter på arbeidsplass og/eller i nettverksgruppene. Fagtekstene skal ha vekt på refleksjon over utvikling av eigen rettleiarkompetanse og nytte pensum i studiet. 
  • Presentasjon av, og fagleg refleksjon over, eit videoklipp frå ei rettleiingsøkt i nettverksgruppa for faglærar og medstudentar (gruppepresentasjon).
Sensorordning

Det skal vere ekstern sensur av eksamenssvara. Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

 

Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
45
Emneansvarleg: 
Ester Alnes Osnes
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Rettleiings- og mentorutdanning 1 - vidareutdanning
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
7 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Individuell skriftleg heimeeksamen knytt til rettleiingspraksis og refleksjon over utvikling av eiga rettleiarrolle. Eksamen bygger på fagtekstar som er innleverte gjennom semesteret. Eksamen går over sju (7) arbeidsdagar (utlevering kl. 9.00 og innlevering kl. 14.00).
Minimum 2500 ord, maksimum 3000 ord.
Godkjent av: 
Silje Ims Lied