Semestre

MNT201 Rettleiings- og mentorutdanning 1

Emnekode: 
MNT201
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2022 Haust
2023 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Mentoring 1
Emnenavn på bokmål: 
Veilednings- og mentorutdanning 1
Eksamenssemester: 
2023 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emnet gir kunnskap om eit breitt spekter av teoriar og metodar for rettleiing som verkty for læring og kompetanseutvikling. Sentrale tema er kommunikasjon, relasjon og samspel, etiske dilemma og makttilhøve i rettleiing. Det blir lagt vekt på korleis rettleiing, både individuelt og i gruppe, kan styrke læring og utvikling for studentar i praksis, nyutdanna og kollegaer. Korleis det kan leggast til rette for eit lærande fellesskap i barnehage og skule, er også sentralt i studiet. Rettleiing- og mentorutdanning 1 (15 studiepoeng) er første del av eit rettleiingsstudium på 30 studiepoeng.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

 

Kunnskapar

Studenten skal ha kunnskap om:

  • ulike teoretiske tilnærmingar til rettleiingsfeltet
  • etiske dilemma og maktforhold i rettleiingssituasjonar og i barnehage og skule
  • korleis rettleiing kan nyttast i praksisopplæring og kompetanseutvikling i skule og barnehage
  • korleis ein kan inkludere studentar, nyutdanna og kollegaer i eit kritisk reflekterande fellesskap 
Ferdigheiter

Studenten skal kunne:

  • bruke ulike rettleiingsstrategiar og -verkty
  • planleggje, grunngje, gjennomføre og evaluere rettleiing, sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • stimulere læring og utvikling i relasjonar og meistre dialogskapande kommunikasjon på ulike nivå
  • analysere og reflektere kritisk over rettleiingsteoriar og eigen og andre sin praksis som rettleiar  
  • utøve etiske vurderingar i samband med rettleiingsarbeid
Generell kompetanse

Generelt skal studenten:

  • kunne kritisk vurdere ulike rettleiingsteoretiske tilnærmingar
  • ha innsikt i relevante etiske problemstillingar knytte til rettleiingsfeltet 
  • kunne drøfte teoriar og erfaringar med andre og gjennom dette bidra til nytenking og utvikling av god praksis
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Det er fire todagars samlingar i studiet. Desse vert studieåret 2022-23 lagt til Volda. Første dag i kvar samling er frå kl. 13.15-18 og andre dag frå 9.15-15.

I emnet vert det lagt vekt på studentaktive læringsformer og studentane må rekne med høg deltakaraktivitet. Studiet har som mål å gjere nytte av og vidareutvike dei ressursane som ligg i studentane si yrkeserfaring, og legg vekt på korleis desse kan bidra til å skape eit godt læringsmiljø. Studentane vert organiserte i lokale nettverksgrupper som rettleiar kvarandre og drøftar faglege tema. Her inngår skriftlege rapporteringar frå arbeidet som ein viktig læringsstrategi.

Emnet rettar seg mot rettleiing av studentar, nyutdanna lærarar og kollegaer, både på individ- og gruppenivå i skule og barnehage.

Samlingane inneheld varierte arbeidsformer, som undervisning, rettleiingsøvingar, obligatorisk studentframlegg og plenumsdiskusjonar. Mellom samlingane skal det gjennomførast rettleiingsarbeid på arbeidsplassen og i lokale nettverksgrupper.

Undervegsvurdering 

Tilbakemelding og vurdering er ein viktig del av studieprosessen. Undervegs i studiet vil studentane få tilbakemeldingar på eigen rettleiingspraksis frå medstudentar og faglærarar. Det vert lagt opp til eigenvurdering blant anna gjennom skriving av fagtekstar, videopresentasjon og gjennom erfaringsdrøftingar i nettverksgruppene. 

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  • Deltaking på fire obligatoriske todagarssamlingar
  • Gjennomføring av fire rettleiingsøkter der studenten er rettleiar. Studenten som er rettleiar  skal skrive ein kort logg frå rettleiinga.
  • Deltaking i fire samlingar i nettverksgruppene. Det skal skrivast ein kort felles logg frå samlingane med opplysningar om innhald og kven som var til stades.
  • Innlevering av to individuelle fagtekstar (maks 1200 ord) frå rettleiingsøkter på arbeidsplass og/eller i nettverksgruppene. Fagtekstene skal ha vekt på utvikling av eigen rettleiarkompetanse  og nytte pensum i studiet. Fagtekstane skal vere levert og godkjent før ein får gjennomføre eksamen.
  • Presentasjon av og fagleg refleksjon over eit videoklipp frå ei rettleiingsøkt i nettverksgruppa for faglærar og medstudentar  (gruppepresentasjon)
Sensorordning

Det skal vere ekstern sensur av eksamenssvara. Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluering og kvalitetssikring

På samlingane skjer det ei kontinuerleg evaluering av studiet knytt til mål og innhald. Det blir gjennomført skriftleg og munnleg evaluering både midtvegs og ved slutten av studiet.  

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssystem.

Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
45
Emneansvarleg: 
Ester Alnes Osnes
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Rettleiings- og mentorutdanning 1 - vidareutdanning
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
7 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Individuell skriftleg heimeeksamen knytt til rettleiingspraksis og utvikling av eiga rettleiarrolle. Eksamen bygger på fagtekstar som er innleverte gjennom semesteret. Eksamen går over sju (7) dagar (utlevering kl. 9.00 og innlevering kl. 14.00).
Minimum 2500 ord, maksimum 3000 ord.
Godkjent av: 
Arne Myklebust