Semestre
MNT201 Mentorutdanning 1
Sjå opptakskrav i studieplan for Rettleiing og Mentorutdanning 1
Emnet gir inngåande kunnskap om eit breitt spekter av teoriar og metodar for rettleiing som verkty for læring og kompetanseutvikling. Sentrale tema er kommunikasjon, relasjon og samspel, etiske dilemma og makttilhøve i rettleiing. Det blir lagt vekt på korleis rettleiing, både individuelt og i gruppe, kan styrke læring og utvikling for studentar i praksis, nyutdanna og kollegaer, og korleis det kan leggast til rette for eit lærande fellesskap i barnehage og skule. Rettleiing og mentorutdanning 1 (15 studiepoeng) er første del av eit rettleiingsstudium på 30 studiepoeng.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha inngåande kunnskap om:
- ulike teoretiske tilnærmingar til rettleiingsfeltet
- etiske dilemma og maktforhold i rettleiingssituasjonar og i barnehage og skule
- korleis rettleiing kan nyttast i praksisopplæring og kompetanseutvikling i skule og barnehage
- korleis ein kan inkludere studentar, nyutdanna og kollegaer i eit kritisk reflekterande fellesskap
Studenten skal kunne:
- bruke ulike rettleiingsstrategiar og -verkty
- planleggje, grunngje, gjennomføre og evaluere rettleiing, sjølvstendig og i samarbeid med andre
- stimulere læring og utvikling i relasjonar og meistre dialogskapande kommunikasjon på ulike nivå
- analysere og reflektere kritisk over rettleiingsteoriar og eigen og andre sin praksis som rettleiar
- utøve etiske vurderingar i samband med rettleiingsarbeid
Generelt skal studenten:
- kunne kritisk vurdere ulike rettleiingsteoretiske tilnærmingar
- ha innsikt i relevante etiske problemstillingar knytte til rettleiingsfeltet
- kunne drøfte teoriar og erfaringar med andre innanfor fagområdet og gjennom dette bidra til nytenking og utvikling av god praksis
I emnet vert det lagt vekt på studentaktive læringsformer og studentane må rekne med høg deltakaraktivitet. Studiet har som mål å gjere nytte av og vidareutvike dei ressursane som ligg i studentane si yrkeserfaring, og legg vekt på korleis desse kan bidra til å skape eit godt læringsmiljø. Studentane vert organiserte i lokale nettverksgrupper som rettleiar kvarandre og drøftar faglege tema. Her inngår skriftlege rapporteringar frå arbeidet som ein viktig læringsstrategi.
Emnet rettar seg mot rettleiing av studentar, nyutdanna lærarar og kollegaer elles, både på individ- og gruppenivå i skule og barnehage.
Det er til saman fire todagarssamlingar på høgskulen. Desse inneheld varierte arbeidsformer, som undervisning, rettleiingsøvingar, obligatorisk studentframlegg og plenumsdiskusjonar. Mellom samlingane skal det gjennomførast rettleiingsarbeid på arbeidsplassen og i lokale nettverksgrupper.
Undervegsvurdering
Vurdering er ein viktig del av studieprosessen. Undervegs i studiet vil studentane få tilbakemeldingar på eigen rettleiingspraksis frå medstudentar og faglærarar. Det vert lagt opp til eigenvurdering blant anna gjennom skriving av fagtekstar, videopresentasjon og gjennom erfaringsdrøftingar i nettverksgruppene.
- Deltaking på fire obligatoriske todagarssamlingar
- Gjennomføring av fire rettleiingsøkter der studenten er rettleiar
- Deltaking i fire samlingar i nettverksgruppene
- Innlevering av dokumentasjon i form av to fagtekstar (maks 1200 ord) frå rettleiingsøkter på arbeidsplass og/eller i nettverksgruppene. Fagtekstene skal ha vekt på utvikling av eigen rettleiarkompetanse og nytte pensum i studiet.Fagtekstane skal vere levert og godkjent før ein får gjennomføre eksamen.
- Presentasjon av og fagleg refleksjon over eit videoklipp frå ei rettleiingsøkt i nettverksgruppa for faglærar og medstudentar (gruppepresentasjon)
Det skal vere ekstern sensur av eksamenssvara. Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
På samlingane skjer det ei kontinuerleg evaluering av studiet knytt til mål og innhald. Det blir gjennomført skriftleg og munnleg evaluering både midtvegs og ved slutten av studiet.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Rettleiings- og mentorutdanning 1 - vidareutdanning
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 7 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Individuell skriftleg heimeeksamen knytt til rettleiingspraksis og utvikling av eiga rettleiarrolle. Eksamen bygger på fagtekstar som er innleverte gjennom semesteret. Eksamen går over sju (7) dagar (utlevering kl. 9.00 og innlevering kl. 14.00). | Minimum 2500 ord, maksimum 3000 ord. |