Semestre

MNT202 Rettleiings- og mentorutdanning 2

Emnekode: 
MNT202
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Haust
2025 Vår
Eksamenssemester: 
2025 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emnet rettar seg mot rettleiing på individ- og gruppenivå i skule og barnehage.

Innhaldet i emne MNT202 omhandlar ulike strategiar, teoriar og metodar for rettleiing som utgangspunkt for kompetanseutvikling. Tema kommunikasjon, relasjon og samspel, og dilemma knytt til etikk, autoritet og makt i rettleiing vert vidareført frå MNT201. Studiet omhandlar yrkesrolla i barnehage og skule i lys av endringar i organisasjon og samfunn der utvikling av profesjonsidentitet, profesjonell identitet og deltaking i profesjonelle læringsfellesskap er sentralt. Studiet rettar seg inn mot kollektive læringsprosessar og nyttar forsking om rettleiing som grunnlag for kompetanseutvikling.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten 

• har kunnskap om studentar, nyutdanna og nytilsette sine særlege vilkår og utfordringar i barnehage og skule
• har kjennskap til nasjonal og internasjonal forsking om rettleiing i barnehage og skule
• har innsikt i etiske utfordringar og maktforhold i rettleiing og i læraryrka
• har kunnskap om rettleiing som grunnlag for læring og kompetanseutvikling i barnehage og skule

Ferdigheiter

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og analysere rettleiing ut frå relevante faglege og teoretiske perspektiv
  • meistar å støtte og utfordre både studentar, nyutdanna og kollegaer gjennom rettleiing 
  • kan kritisk vurdere eigen praksis i eit lærings- og danningsperspektiv
  • kan utøve etiske vurderingar i samband med rettleiingsarbeidet
  • nyttar rettleiing som reiskap for kvalitetsutvikling i barnehage og skule
Generell kompetanse

Studenten

  • kan kritisk vurdere ulike rettleiingsteoretiske tilnærmingar i barnehage og skule
  • har innsikt i relevante etiske problemstillingar knytte til rettleiingsfeltet
  • kan analysere og drøfte synspunkt og erfaringar med andre fagpersonar, og gjennom dette medverke til utvikling av god praksis
  • har grunnleggande forståing for korleis rettleiing og kollektive læringsprosessar kan bidra til utvikling av eigen og organisasjonen sin kompetanse 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

I emnet vert det lagt vekt på studentaktive læringsformer og studentane må rekne med høg deltakaraktivitet. Studiet nyttar ressursane som ligg i studentane si yrkeserfaring og som er viktig for å skape eit godt læringsmiljø.

Det er til saman fire obligatoriske todagarssamlingar. Desse inneheld varierte arbeidsformer, som førelesning, rettleiingsøvingar, obligatorisk studentframlegg og plenumsdiskusjonar. I tillegg vert digitale plattformer nytta til rettleiing frå faglærar og mellom studentar. Dette føreset at studentane har tilgang til nødvendig datautstyr. 

Mellom samlingane skal det gjennomførast rettleiingsarbeid på arbeidsplassen og i lokale nettverksgrupper. Studentane vert organiserte i lokale nettverksgrupper som rettleier kvarandre og drøftar faglege tema. Her inngår skriftlege rapporteringar (logg) frå arbeidet som ein viktig læringsstrategi.

Vurdering er ein sentral del av studieprosessen. Undervegs i studiet vil studentane få tilbakemeldingar på eigen rettleiingspraksis frå lærarane på studiet og medstudentar. Det vert lagt opp til eigenvurdering blant anna gjennom skriving av fagtekstar og gjennom erfaringsdrøftingar i nettverksgruppene.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav

  • deltaking på fire todagarssamlingar (minimum 75% oppmøte).
  • deltaking på fire samlingar i nettverksgrupper der studentane rettleier kvarandre.

Arbeidskrav

  • kort felles logg frå samlingane i nettverksgruppene med opplysningar om innhald og kven som var til stades.
  • individuell logg frå samlingane i nettverksgruppene (omlag 300-800 ord).
  • individuell munnleg presentasjon av plan for rettleiing av studentar eller tilsette i eit pedagogisk utviklingsarbeid i barnehage eller skule.
  • individuell skriftleg fagtekst med utgangspunkt i eit av læringsutbyttebeskrivingane i emneplanen (1200 ord).
  • ein individuell skriftleg respons på fagteksten til ein medstudent (400 ord).
Sensorordning
Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Kari Pauline Longva
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Rettleiings- og mentorutdanning 2 - vidareutdanning
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell eller gruppe (etter avtale)
7 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Oppgåva skal handle om rettleiing av studentar eller tilsette i pedagogisk utviklingsarbeid i barnehage eller skule.
Individuell oppgåve på 3000 ord +/- 10%. Ved gruppeinnlevering 5000 ord +/- 10%.
Godkjent av: 
Silje Ims Lied