Semesters
MNT202 Rettleiings- og mentorutdanning 2
Ingen.
Emnet rettar seg mot rettleiing på individ- og gruppenivå i skule og barnehage.
Innhaldet i emne MNT202 omhandlar ulike strategiar, teoriar og metodar for rettleiing som utgangspunkt for kompetanseutvikling. Tema kommunikasjon, relasjon og samspel, og dilemma knytt til etikk, autoritet og makt i rettleiing vert vidareført frå MNT201. Studiet omhandlar yrkesrolla i barnehage og skule i lys av endringar i organisasjon og samfunn der utvikling av profesjonsidentitet, profesjonell identitet og deltaking i profesjonelle læringsfellesskap er sentralt. Studiet rettar seg inn mot kollektive læringsprosessar og nyttar forsking om rettleiing som grunnlag for kompetanseutvikling.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
• har kunnskap om studentar, nyutdanna og nytilsette sine særlege vilkår og utfordringar i barnehage og skule
• har kjennskap til nasjonal og internasjonal forsking om rettleiing i barnehage og skule
• har innsikt i etiske utfordringar og maktforhold i rettleiing og i læraryrka
• har kunnskap om rettleiing som grunnlag for læring og kompetanseutvikling i barnehage og skule
Studenten
- kan planlegge, gjennomføre og analysere rettleiing ut frå relevante faglege og teoretiske perspektiv
- meistar å støtte og utfordre både studentar, nyutdanna og kollegaer gjennom rettleiing
- kan kritisk vurdere eigen praksis i eit lærings- og danningsperspektiv
- kan utøve etiske vurderingar i samband med rettleiingsarbeidet
- nyttar rettleiing som reiskap for kvalitetsutvikling i barnehage og skule
Studenten
- kan kritisk vurdere ulike rettleiingsteoretiske tilnærmingar i barnehage og skule
- har innsikt i relevante etiske problemstillingar knytte til rettleiingsfeltet
- kan analysere og drøfte synspunkt og erfaringar med andre fagpersonar, og gjennom dette medverke til utvikling av god praksis
- har grunnleggande forståing for korleis rettleiing og kollektive læringsprosessar kan bidra til utvikling av eigen og organisasjonen sin kompetanse
I emnet vert det lagt vekt på studentaktive læringsformer og studentane må rekne med høg deltakaraktivitet. Studiet nyttar ressursane som ligg i studentane si yrkeserfaring og som er viktig for å skape eit godt læringsmiljø.
Det er til saman fire obligatoriske todagarssamlingar. Desse inneheld varierte arbeidsformer, som førelesning, rettleiingsøvingar, obligatorisk studentframlegg og plenumsdiskusjonar. I tillegg vert digitale plattformer nytta til rettleiing frå faglærar og mellom studentar. Dette føreset at studentane har tilgang til nødvendig datautstyr.
Mellom samlingane skal det gjennomførast rettleiingsarbeid på arbeidsplassen og i lokale nettverksgrupper. Studentane vert organiserte i lokale nettverksgrupper som rettleier kvarandre og drøftar faglege tema. Her inngår skriftlege rapporteringar (logg) frå arbeidet som ein viktig læringsstrategi.
Vurdering er ein sentral del av studieprosessen. Undervegs i studiet vil studentane få tilbakemeldingar på eigen rettleiingspraksis frå lærarane på studiet og medstudentar. Det vert lagt opp til eigenvurdering blant anna gjennom skriving av fagtekstar og gjennom erfaringsdrøftingar i nettverksgruppene.
Frammøtekrav
- deltaking på fire todagarssamlingar (minimum 75% oppmøte).
- deltaking på fire samlingar i nettverksgrupper der studentane rettleier kvarandre.
Arbeidskrav
- kort felles logg frå samlingane i nettverksgruppene med opplysningar om innhald og kven som var til stades.
- individuell logg frå samlingane i nettverksgruppene (omlag 300-800 ord).
- individuell munnleg presentasjon av plan for rettleiing av studentar eller tilsette i eit pedagogisk utviklingsarbeid i barnehage eller skule.
- individuell skriftleg fagtekst med utgangspunkt i eit av læringsutbyttebeskrivingane i emneplanen (1200 ord).
- ein individuell skriftleg respons på fagteksten til ein medstudent (400 ord).
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
- Mentoring 2
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual or Group exam | 7 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Oppgåva skal handle om rettleiing av studentar eller tilsette i pedagogisk utviklingsarbeid i barnehage eller skule. | Individuell oppgåve på 3000 ord +/- 10%. Ved gruppeinnlevering 5000 ord +/- 10%. |