Semestre
MOK101 Marknad og samfunn
Ingen
Emnet gjev studentane grunnleggande innsikt i kva marknader er, korleis marknadar fungerer og korleis marknader påverkar og vert påverka av samfunnet rundt. Emnet gjer greie for sentrale teoriar om korleis ulike typar marknadar fungerer, korleis føretak, myndigheiter og andre aktørar opptrer i marknadar, samt korleis reguleringa av marknadar kan påverke verdiskapninga og fordelinga av gode i samfunnet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten
- Har kunnskap om kva marknadar er og korleis dei fungerer
- Kjenner til hovudpoenga i neoklassisk økonomisk teori og kritikk mot dette perspektivet
- Kjenner omgrepa "perfekt marknad", marknadsimperfeksjonar, eksternalitetar, oligopol og monopol
- Kjenner til sosiologiske teoriar om føretaka sine relasjonar til omgjevnadene og kvarandre
- Kjenner til marknadsreguleringar, korleis dei vert tekne i bruk og korleis dei fungerer
- Kjenner til ulike teoriar om korleis konkurranse går føre seg
Kandidaten
- Kan nytte dei kunnskapane som er nemnde over i faglege diskusjonar
- Kan reflektere over dei kunnskapane som er nemnde i skriftlig form og nyttte dei på konkrete døme
Å nytte kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng.
Førelesningar og seminar.
Studentane skal i løpet av emnet levere ei obligatorisk oppgåve og presentere denne for klassa. Arbeidskravet vert vurdert til godkjend/ikkje godkjend. Rammer og krav for oppgåven vert gjeve i starten av semesteret. I samband med oppgåva vert det arrangert arbeidsgrupper. Frammøte i arbeidsgruppene og oppgåvegjennomgangen er obligatorisk.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Journalistikk, spesialisering avis/nett
- Journalistikk, spesialisering tv/radio
- PR, kommunikasjon og media - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 72 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Studentene skal levere ein heimeeksamen i Fronter på 1 200-1 500 ord. |