Semestre

MOK101 Marknad og samfunn

Emnekode: 
MOK101
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
5
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Vår
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet gjev studentane grunnleggande innsikt i kva marknader er, korleis marknadar fungerer og korleis marknader påverkar og vert påverka av samfunnet rundt. Emnet gjer greie for sentrale teoriar om korleis ulike typar marknadar fungerer, korleis føretak, styresmakter og andre aktørar opptrer i marknadar, samt korleis reguleringa av marknadar kan påverke verdiskapninga og fordelinga av gode i samfunnet. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Kunnskapar

Kandidaten

  • Har kunnskap om kva marknadar er og korleis dei fungerer 
  • Kjenner til hovudpoenga i neoklassisk økonomisk teori og kritikk mot dette perspektivet
  • Kjenner omgrepa "perfekt marknad", marknadsimperfeksjonar, eksternalitetar, oligopol og monopol
  • Kjenner til sosiologiske teoriar om føretaka sine relasjonar til omgjevnadene og kvarandre
  • Kjenner til marknadsreguleringar, korleis dei vert tekne i bruk og korleis dei fungerer  
  • Kjenner til ulike teoriar om korleis konkurranse går føre seg
Ferdigheiter

Kandidaten

  • Kan nytte dei kunnskapane som er nemnde over i faglege diskusjonar
  • Kan reflektere over dei kunnskapane som er nemnde i skriftlig form og nytte dei på konkrete døme
Generell kompetanse

Å nytte kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Førelesningar og seminar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studentane skal i løpet av emnet levere ei obligatorisk oppgåve og presentere denne for klassa. Arbeidskravet vert vurdert til godkjend/ikkje godkjend. Rammer og krav for oppgåven vert gjeve i starten av semesteret. I samband med oppgåva vert det arrangert arbeidsgrupper. Frammøte i arbeidsgruppene og oppgåvegjennomgangen er obligatorisk.

Sensorordning
Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Lars Julius Halvorsen
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • PR, kommunikasjon og media - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
72 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Studentene skal levere ein heimeeksamen i Fronter på 1 200-1 500 ord.
Godkjent av: 
Audhild Gregoriusdotter Rotevatn