Semestre

MUS104 Musikkundervisning for barn og unge 2

Emnekode: 
MUS104
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2018 Vår
Eksamenssemester: 
2018 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Det er tilrådd at studenten har notekunnskapar og noko instrumental/vokalpraksis.

Om emnet

MUS104 er eit 15-studiepoengsemne som inngår i årsstudiet i musikk og som en del av bachelorprogrammet i musikk. Emnet kan inngå som fritt emne i andre bachelorprogram. Emnet gir fagleg og didaktisk kompetanse for arbeid med musikalsk læring med barn og ungdom i alder 12 - 16 år. Dette medfører utvikling av handlingskompetanse, kunnskapar og haldningar som grunnlag for arbeidet. Det vert fokusert på følgjande hovudområde: musikkutøving, komponering, lytting og didaktisk refleksjon. Emnet rettar seg inn mot utøvande og pedagogisk verksemd innanfor eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, t.d. grunnskulen, kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturlivet og privat næring.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om:

  • den estetiske dimensjonen ved musikkfaget
  • musikk som skapande og utøvande verksemd
  • musikk som kulturuttrykk og samfunnsfenomen
  • sentrale musikkpedagogiske metodar, verkty og prosessar på ulike nivå
  • digitale media og verkty for musikkundervisning
  • gjeldande planverk for den norske grunnskulen, og særleg læringsmål og kompetansemål for musikkfaget på ungdomssteget
Ferdigheiter

Studenten kan:

  • nytte ulike pedagogiske metodar og verkty som har relevans for musikkfagleg arbeid i ungdomsskulen og i andre samanhengar, og tilpasse lærestoff og arbeidsmåtar til elevane sine føresetnadar og interesse
  • nytte og legge til rette for arbeid med digitale verkty i undervisninga
  • nytte musikk i tverrfagleg pedagogisk arbeid
  • planlegge og leie musikkfagleg aktivitet med bandinstrument
  • reflektere over eigen dugleik innan utøving og pedagogisk praksis
Generell kompetanse

Å kunne bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga blir organisert som veksling mellom førelesningar, gruppearbeid og individuelt arbeid, praktisk/metodisk utprøving og skapande verksemd.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning - dette inneber også obligatorisk deltaking i øvingar og konsertar i samspelgrupper.

Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking.

Studenten må ha godkjendt 5 arbeidskrav for å kunne kvalifisere til eksamen i emnet; Ei gruppeoppgåve i instruksjon og leiing, tre ulike komponeringsarbeid og eit skriftleg arbeid i didaktisk refleksjon.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Svein Ole Hunnes
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Musikk - årsstudium
  • Musikk - bachelor
  • Musikkundervisning for barn og unge
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Godkjent av: 
Aud Folkestad