Semesters
MUS104 Musikkundervisning for barn og unge 2
Det er tilrådd at studenten har notekunnskapar og noko instrumental/vokalpraksis.
MUS104 er eit 15-studiepoengsemne som inngår i årsstudiet i musikk og som en del av bachelorprogrammet i musikk. Emnet kan inngå som fritt emne i andre bachelorprogram. Emnet gir fagleg og didaktisk kompetanse for arbeid med musikalsk læring med barn og ungdom i alder 12 - 16 år. Dette medfører utvikling av handlingskompetanse, kunnskapar og haldningar som grunnlag for arbeidet. Det vert fokusert på følgjande hovudområde: musikkutøving, komponering, lytting og didaktisk refleksjon. Emnet rettar seg inn mot utøvande og pedagogisk verksemd innanfor eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, t.d. grunnskulen, kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturlivet og privat næring.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om:
- den estetiske dimensjonen ved musikkfaget
- musikk som skapande og utøvande verksemd
- musikk som kulturuttrykk og samfunnsfenomen
- sentrale musikkpedagogiske metodar, verkty og prosessar på ulike nivå
- digitale media og verkty for musikkundervisning
- gjeldande planverk for den norske grunnskulen, og særleg læringsmål og kompetansemål for musikkfaget på ungdomssteget
Studenten kan:
- nytte ulike pedagogiske metodar og verkty som har relevans for musikkfagleg arbeid i ungdomsskulen og i andre samanhengar, og tilpasse lærestoff og arbeidsmåtar til elevane sine føresetnadar og interesse
- nytte og legge til rette for arbeid med digitale verkty i undervisninga
- nytte musikk i tverrfagleg pedagogisk arbeid
- planlegge og leie musikkfagleg aktivitet med bandinstrument
- reflektere over eigen dugleik innan utøving og pedagogisk praksis
Å kunne bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng.
Undervisninga blir organisert som veksling mellom førelesningar, gruppearbeid og individuelt arbeid, praktisk/metodisk utprøving og skapande verksemd.
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning - dette inneber også obligatorisk deltaking i øvingar og konsertar i samspelgrupper.
Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking.
Studenten må ha godkjendt 5 arbeidskrav for å kunne kvalifisere til eksamen i emnet; Ei gruppeoppgåve i instruksjon og leiing, tre ulike komponeringsarbeid og eit skriftleg arbeid i didaktisk refleksjon.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Music - bachelor
- Music - year course
- Music Teaching for Children and Adolescents
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | 1 Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade |