Semestre
MUS206 Intuitiv komposisjon/improvisasjon og musikkfilosofi
- Musikk årsstudium (60 stp.)
Eller innpassing av tilsvarande emne frå andre utdanningsinstitusjonar
MUS206 er eit 15-studiepoengsemne som kan takast som del av bachelorprogrammet i musikk, eller som fritt emne i musikk, opne fordjupningsemne. Under rettleiing av ein komponist og gjennom eiga utprøving får studenten bruke skaparevna og skapartrongen i seg og lære metodar for å finne sitt personlege uttrykk, metodar for maksimal innstrøyming av idear og metodar for utveljing og ivaretaking av desse.
Emnet representerer ei fordjuping og vidareføring i høve til emna på grunnivå. Det vil gi ei plattform for vidare komposisjonsstudier eller skapande eigenaktivitet, og det kan vere ein basis for pedagogisk arbeid med komponering/improvisering i skulen, kulturskulen og det frivillige musikklivet.Undervisinga er rotfesta i både ei tonal og fritonal klangsfære og vil ha lyden si plassering og vandring i det tredimensjonale rom som eitt av dei sentrale parametra.
Emnet går inn på fylgjande delområde:
- Bakgrunnsperspektiv: Avslappings- og konsentrasjonsteknikkar. Eksistensielle spørsmål og musikkens rolle i samanheng med slike spørsmål.
- Arbeidsreiskap: Elastisitet og intuitiv vurdering.
- Musikkskapinga: Avgrensing av eit musikalsk materiale. Utviding og vidareutvikling av materialet. Samklang (vertikale strukturar), linjebygging (horisontale strukturar - harmoniske, melodiske, dynamiske, rytmiske, rørslemessige), lydplassering og lydrørsler i det tredimensjonale rom. Karakterbygging (stemningsmessig konsekvens), instrumentasjon (fargelegging, rollefordeling, uttrykkskonsekvens), artikulasjon. Formbygging (dramaturgi). Planlegging av komposisjonen/improvisasjonen. Notasjon.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten har
- brei kunnskap om musikkfilosofiske problemstillingar og intuitive komposisjons-, improvisasjons- og inspirasjonsteknikkar
- kjennskap til forskings- og utviklingsarbeid som blir drive innanfor tonal og fritonal komposisjon, improvisasjon og musikkfilosofi
- kjennskap til korleis ho kan oppdatere og utvide kunnskapen sin om intuitive komposisjons-, improvisasjons- og inspirasjonsprosessar og musikkfilosofisk tenking
- kunnskap om komposisjons- og improvisasjonsstilar og –teknikkar i historisk perspektiv, og om deira eigenart og samfunnsmessige rolle
Kandidaten kan
- bruke kunnskapen om musikkfilosofiske problemstillingar og intuitive komposisjons-, improvisasjons- og inspirasjonsteknikkar på eigen musikkfilosofisk refleksjon og eige musikkskapingsarbeid
- reflektere over eige musikkskapande arbeid og justere dette under rettleiing
- finne, vurdere og vise til informasjon og stoff om intuitive musikkskapingsprosessar
- meistre intuitive komposisjons-, improvisasjons- og inspirasjonsteknikkar til å uttrykke seg musikalsk
Kandidaten
- har innsikt i faglege og etiske problemstillingar knytt til intuitive komposisjons-, improvisasjons- og inspirasjonsprosessar og musikkfilosofisk tenking
- kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekker seg over tid innanfor tonal og fritonal musikkskapande verksemd, åleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer
- kan formidle sentrale idear, problemstillingar og løysingsmetodar innanfor intuitiv komposisjon, improvisasjon og musikkfilosofi, både skriftleg, munnleg og praktisk-musikalsk
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn i intuitiv musikkskaping og musikkfilosofi, og gjennom dette få fram god praksis
- kjenne til nytenking og innovasjonsprosessar innanfor tonal og fritonal musikkskaping og musikkfilosofi
Arbeidet vil gå føre seg individuelt, i grupper og i plenum. Det vil i hovudsak gå ut på å løyse oppgåver, og få tilbakemeldingar gjennom diskusjon.
Det blir gjeve råd og vurdering undervegs av all oppgåveløysing gjennom studiet. I tillegg kjem førelesingar og plenumsdiskusjonar over utvalde tema. Undervisinga vert gjeve på både norsk og ved behov også på engelsk.
Arbeidskrav:
- Løysing av komposisjon, improvisasjon og refleksjonsoppgåver gjevne av faglærar undervegs i semesteret, og som tilsaman utgjer 3 større modular i ei eksamensinnlevering
- Førebuing til og deltaking i ein konsert med komposisjonar og improvisasjonar av studentane
- Ein skriftleg tekst på minst 2000 ord over samanhengen mellom intuitiv komposisjon/improvisasjon og eksistensielle spørsmål (tema gitt av faglærar ved starten av semesteret)
Det er obligatorisk frammøte til all undervising jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, §4-6
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 semester | Stått eller ikkje stått | Eksamensmappa skal innehalde tre modular innan komposisjon, improvisasjon og verbal refleksjon. |