Semestre

MUS206 Intuitiv komposisjon/improvisasjon og musikkfilosofi

Emnekode: 
MUS206
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk og engelsk
Krav til forkunnskapar
  • Musikk årsstudium (60 stp.)
  • MUS212 Arrangering (15 stp.)

Eller innpassing av tilsvarande emne frå andre utdanningsinstitusjonar

Om emnet

MUS206 er eit 15-studiepoengsemne som kan takast som del av bachelorprogrammet i musikk, eller som fritt emne i musikk, opne fordjupningsemne. Under rettleiing av ein komponist og gjennom eiga utprøving får studenten bruke skaparevna og skapartrongen i seg og lære metodar for å finne sitt personlege uttrykk, metodar for maksimal innstrøyming av idear og metodar for utveljing og ivaretaking av desse. Emnet representerer ei fordjuping og vidareføring i høve til emna på grunnivå. Det vil gi ei plattform for vidare komposisjonsstudier eller skapande eigenaktivitet, og det kan vere ein basis for pedagogisk arbeid med komponering/improvisering i skulen, kulturskulen og fritidsmusikklivet.Undervisninga blir rotfesta i ein ikkjetonal og fritonal klangsfære og vil ha lydens plassering og vandring i det tredimensjonale rom som eitt av dei sentrale parametra.Emnet går inn på fylgjande delområde: 1) Bakgrunnsperspektiv: Avslappings- og konsentrasjonsteknikkar. Eksistensielle spørsmål og musikkens rolle i samanheng med slike spørsmål.2) Arbeidsreiskap:Elastisitet og intuitiv vurdering.3) Musikkskapinga: Avgrensing av eit musikalsk materiale. Utviding og vidareutvikling av materialet. Samklang (vertikale strukturar), linjebygging (horisontale strukturar - harmoniske, melodiske, dynamiske, rytmiske, rørslemessige), lydplassering og lydrørsler i det tredimensjonale rom. Karakterbygging (stemningsmessig konsekvens), instrumentasjon (fargelegging, rollefordeling, uttrykkskonsekvens), artikulasjon. Formbygging (dramaturgi). Planlegging av komposisjonen/improvisasjonen. Notasjon.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten har

- brei kunnskap om musikkfilosofiske problemstillingar og intuitive komposisjons-, improvisasjons- og inspirasjonsteknikkar

- kjennskap til forskings- og utviklingsarbeid som blir drive innanfor ikkjetonal og fritonal komposisjon, improvisasjon og musikkfilosofi

- kjennskap til korleis ho kan oppdatere og utvide kunnskapen sin om intuitive komposisjons-, improvisasjons- og inspirasjonsprosessar og musikkfilosofisk tenking

- kunnskap om komposisjons- og improvisasjonsstilar og –teknikkar i historisk perspektiv, og om deira eigenart og samfunnsmessige rolle

Ferdigheiter

Kandidaten kan

- bruke kunnskapen om musikkfilosofiske problemstillingar og intuitive komposisjons-, improvisasjons- og inspirasjonsteknikkar på eigen musikkfilosofisk refleksjon og eige musikkskapingsarbeid

- reflektere over eige musikkskapande arbeid og justere dette under rettleiing

- finne, vurdere og vise til informasjon og stoff om intuitive musikkskapingsprosessar og framstille dette slik at det belyser ei problemstilling

- beherske intuitive komposisjons-, improvisasjons- og inspirasjonsteknikkar til å uttrykke seg musikalsk

Generell kompetanse

Kandidaten

- har innsikt i faglege og etiske problemstillingar knytt til intuitive komposisjons-, improvisasjons- og inspirasjonsprosessar og musikkfilosofisk tenking

- kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekker seg over tid innanfor ikkjetonal og fritonal musikkskapande verksemd, åleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer

- kan formidle sentrale idear, problemstillingar og løysingsmetodar innanfor intuitiv komposisjon, improvisasjon og musikkfilosofi, både skriftleg, munnleg og praktisk-musikalsk

- kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn i intuitiv musikkskaping og musikkfilosofi, og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis

- kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar innanfor ikkjetonal og fritonal musikkskaping og musikkfilosofi

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidet vil gå føre seg individuelt, i grupper og i plenum. Det vil i hovudsak gå ut på å løyse oppgåver, få tilbakemelding frå lærar og å utkrystallisere eigne meiningar gjennom diskusjon.

Det blir gitt råd og vurdering undervegs av all oppgåveløysing gjennom studiet. I tillegg kjem førelesingar og plenumsdiskusjonar over utvalde tema. Undervisninga vert gitt på både norsk og engelsk.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav:

  1. Løysing av 10 komposisjonsoppgåver, 10 improvisasjonsoppgåver og 10 refleksjonsoppgåver gjevne av faglærar undervegs i semesteret
  2. Førebuing til og deltaking i ein konsert med komposisjonar og improvisasjonar av studentane
  3. Skriftleg innlevering av ein triokomposisjon og ein orkesterkomposisjon på minst fire minutt til saman for dei to verka
  4. Ein skriftleg tekst på minst 2000 ord over samanhengen mellom intuitiv komposisjon/improvisasjon og eksistensielle spørsmål (tema gitt av faglærar ved starten av semesteret)

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, §4-6 

 

Sensorordning
Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Magnar Åm
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Musikk - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
3 Veker
Stått eller ikkje stått
Godkjent av: 
Unni Hagen