Semestre
MUS206 Intuitiv komposisjon/improvisasjon og musikkfilosofi
Musikk årsstudium (MUS101, MUS102, MUS103, MUS104 og MUS212 eller tilsvarande)
MUS206 er eit 15-studiepoengsemne som kan takast som del av bachelorprogrammet i musikk, eller som fritt emne i musikk, opne fordjupningsemne. Under rettleiing av ein komponist og gjennom eiga utprøving får studenten bruke skaparevna og skapartrongen i seg og lære metodar for å finne sitt personlege uttrykk, metodar for maksimal innstrøyming av idear og metodar for utveljing og ivaretaking av desse. Emnet representerer ei fordjuping og vidareføring i høve til emna på grunnivå. Det vil gi ei plattform for vidare komposisjonsstudier eller skapande eigenaktivitet, og det kan vere ein basis for pedagogisk arbeid med komponering/improvisering i skulen, kulturskulen og fritidsmusikklivet.Undervisninga blir rotfesta i ein ikkjetonal og fritonal klangsfære og vil ha lydens plassering og vandring i det tredimensjonale rom som eitt av dei sentrale parametra.Emnet går inn på fylgjande delområde: 1) Bakgrunnsperspektiv: Avslappings- og konsentrasjonsteknikkar. Eksistensielle spørsmål og musikkens rolle i samanheng med slike spørsmål.2) Arbeidsreiskap:Elastisitet og intuitiv vurdering.3) Musikkskapinga: Avgrensing av eit musikalsk materiale. Utviding og vidareutvikling av materialet. Samklang (vertikale strukturar), linjebygging (horisontale strukturar - harmoniske, melodiske, dynamiske, rytmiske, rørslemessige), lydplassering og lydrørsler i det tredimensjonale rom. Karakterbygging (stemningsmessig konsekvens), instrumentasjon (fargelegging, rollefordeling, uttrykkskonsekvens), artikulasjon. Formbygging (dramaturgi). Planlegging av komposisjonen/improvisasjonen. Notasjon.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten har
- brei kunnskap om musikkfilosofiske problemstillingar og intuitive komposisjons-, improvisasjons- og inspirasjonsteknikkar
- kjennskap til forskings- og utviklingsarbeid som blir drive innanfor ikkjetonal og fritonal komposisjon, improvisasjon og musikkfilosofi
- kjennskap til korleis ho kan oppdatere og utvide kunnskapen sin om intuitive komposisjons-, improvisasjons- og inspirasjonsprosessar og musikkfilosofisk tenking
- kunnskap om komposisjons- og improvisasjonsstilar og –teknikkar i historisk perspektiv, og om deira eigenart og samfunnsmessige rolle
Kandidaten kan
- bruke kunnskapen om musikkfilosofiske problemstillingar og intuitive komposisjons-, improvisasjons- og inspirasjonsteknikkar på eigen musikkfilosofisk refleksjon og eige musikkskapingsarbeid
- reflektere over eige musikkskapande arbeid og justere dette under rettleiing
- finne, vurdere og vise til informasjon og stoff om intuitive musikkskapingsprosessar og framstille dette slik at det belyser ei problemstilling
- beherske intuitive komposisjons-, improvisasjons- og inspirasjonsteknikkar til å uttrykke seg musikalsk
Kandidaten
- har innsikt i faglege og etiske problemstillingar knytt til intuitive komposisjons-, improvisasjons- og inspirasjonsprosessar og musikkfilosofisk tenking
- kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekker seg over tid innanfor ikkjetonal og fritonal musikkskapande verksemd, åleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer
- kan formidle sentrale idear, problemstillingar og løysingsmetodar innanfor intuitiv komposisjon, improvisasjon og musikkfilosofi, både skriftleg, munnleg og praktisk-musikalsk
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn i intuitiv musikkskaping og musikkfilosofi, og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis
- kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar innanfor ikkjetonal og fritonal musikkskaping og musikkfilosofi
Arbeidet vil gå føre seg individuelt, i grupper og i plenum. Det vil i hovudsak gå ut på å løyse oppgåver, få tilbakemelding frå lærar og å utkrystallisere eigne meiningar gjennom diskusjon.
Det blir gitt råd og vurdering undervegs av all oppgåveløysing gjennom studiet. I tillegg kjem førelesingar og plenumsdiskusjonar over utvalde tema. Undervisninga vert gitt på både norsk og engelsk.
Løysing av 10 komposisjonsoppgåver, 10 improvisasjonsoppgåver og 10 refleksjonsoppgåver gjevne av faglærar undervegs i semesteret
Førebuing til og deltaking i ein konsert med komposisjonar og improvisasjonar av studentane
Skriftleg innlevering av ein komposisjon på minst 4 minutt ved slutten av studiet
Ein skriftleg tekst på minst 2000 ord over samanhengen mellom intuitiv komposisjon/improvisasjon og eksistensielle spørsmål (tema gitt av faglærar ved starten av semesteret)
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Musikk - bachelor
- Vidareutdanning i musikk, fordjupingsemne
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 3 Veker | Stått eller ikkje stått |