Semesters
NO121 Nynorsk i opplæringa 1
Ingen.
Er du interessert i nynorsk og nynorskopplæring? Nynorsk i opplæringa 1 er primært retta mot lærarar som underviser i norsk i grunnopplæringa.
Emnet har eit praktisk og undervisningsorientert perspektiv som vil gi auka kompetanse i nynorsk i og i å undervise i norsk. Studentane skal kunne vurdere og vidareutvikle eigen undervisningspraksis i nynorsk i høve til læreplanen, utvikle eigenkompetanse i nynorsk, og kjenne til og bruke relevant fagleg og fagdidaktisk teori.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Ved fullføring av dette emnet skal studenten ha kunnskap om:
- den norske språksituasjonen i dag og nynorsk språk, tekst og litteratur
- læringsfremjande vurderings- og rettleiingsstrategiar i arbeid med elevtekster på nynorsk
- relevant didaktikk for god hovudmåls- og sidemålsundervisning
Studenten skal kunne:
- utvikle og legge til rette for god nynorskundervisning, anten nynorsk er hovudmål eller sidemål
- leggje til rette for og stimulere til skrivelyst og skriveglede gjennom bruk av nynorsk i opplæringa
- arbeide med lesing og skriving som grunnleggjande ferdigheiter i eit nynorskperspektiv
Studenten skal:
- utvikle sin eigen nynorske tekst- og språkkompetanse gjennom eiga skriving
- analysere og reflektere over læraren si rolle som modell, formidlar og rettleiar i ein språksituasjon med ulike språkformer og kulturelt mangfald
- bruke IKT i undervisninga, både fagleg og didaktisk
Nynorsk i opplæringa 1 er eit nettstudium på 15 studiepoeng der undervisninga blir organisert på læringsplattforma Canvas. Det er ein føresetnad at studenten disponerer datamaskin med nett-tilkopling.
Nynorsk i opplæringa 1 er delt i tre delemne som vil bli introduserte i kvar sine undervisningsmodular fordelt over eitt semester. Kvart delemne vil ha ein eigen fagleg profil med tilhøyrande pensumlitteratur og arbeidskrav.Studentane skal tileigne seg lærestoffet gjennom lesing av pensum, deltaking i læringsplattform og skriftleg refleksjon over fagstoffet. Studentane vil få rettleiing og vurdering, og produkta som vert lagde i mapper for endeleg vurdering skal vere resultat av ein prosess der også medstudentar har vore rettleiarar.
Det blir lagt vekt på å skape eit læringsmiljø der studentane lærer gjennom aktiv deltaking og samhandling. Ein stor del av undervisningsressursen vert brukt til nettbasert rettleiing. Studentane skal utvikle eigen rettleiingskompetanse ved å rettleie kvarandre. Det blir lagt vekt på at studenten tileigner seg pensumstoffet på eiga hand, men også å skape eit læringsmiljø der studentane lærer gjennom aktiv deltaking og samhandling.
Til kvart delemne knyter det seg eigne arbeidskrav. Alle arbeidskrav skal skrivast på nynorsk. For å få gå opp til eksamen (15 studiepoeng) må alle arbeidskrav vere godkjente.
Emnet er delt i 3 delemne og til kvart delemne er det knytt 5 arbeidskrav, til saman 15 arbeidskrav.
Til kvart delemne må studenten:
- skrive to mindre tekster på 1 - 2 sider
- gje respons til medstudentar
- skrive ei godkjenningstekst på ca 1600 ord (til saman tre godkjenningstekster)
Alle tekstene inngår i ei arbeidsmappe i Canvas som skal godkjennast av faglærar.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
Ingen
- New Norwegian in education, Grades 1-13
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Eksamensoppgåve på 3000 ord (+/- 10%) |
Oppgåva skal leverast elektronisk innan ein fastsett frist. Eksamensvaret skal skrivast på nynorsk.