Semesters
NO122-813KFK Nynorsk i opplæringa 2
Ingen.
Nynorsk i opplæringa del 2 er primært retta mot lærarar som underviser i norsk i grunnopplæringa på klassestega 8 - 13. Emnet vil ha eit praktisk og undervisningsorientert perspektiv som vil gi auka kompetanse i nynorsk og i å undervise i norsk.
Målet med dette studiet er at studentane skal kunne drive god opplæring i nynorsk på klassestega 8 - 13 i tråd med intensjonane i Kunnskapsløftet. Studentane skal utvikle eigenkompetanse i nynorsk, kunne vurdere og vidareutvikle eigen undervisningspraksis i nynorsk i høve til læreplanen og kjenne til og bruke relevant fagleg og fagdidaktisk teori. Nynorsk i opplæringa del 2 har eit kultur- og danningsperspektiv.
Det didaktiske perspektivet er gjennomgåande ved studiet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Ved fullføring av dette emnet skal studenten ha kunnskap om
- nynorsk språkdidaktikk, inkludert språkbadmetodikk og grammatikkdidaktikk
- nynorsk barne- og ungdomslitteratur og litteratuformidling
- språksituasjonen i Noreg i historisk og internasjonalt perspektiv
Studenten skal kunne
- utvikle og leggje til rette for god nynorskundervisning, anten nynorsk er hovudmål eller sidemål
- leggje til rette for og stimulere til skrivelyst og skriveglede ved å bruke nynorsk i opplæringa
- leggje til rette for og stimulere til leselyst og leseglede gjennom aktiv bruk av nynorske tekstar i opplæringa
- bruke tenlege vurderings- og rettleiingsstrategiar i arbeid med elevtekstar på nynorsk
Studenten skal
- analysere og reflektere over læraren si rolle som modell, som formidlar og rettleiar i ein språksituasjon med ulike språkformer og kulturelt mangfald
- ha kjennskap til og kunne bruke relevante digitale ressursar i undervisninga
- utvikle sin eigen nynorske tekst- og språkkompetanse gjennom eiga skriving
Nynorsk i opplæringa 2 er eit nettstudium på 15 studiepoeng der undervisninga blir organisert på læringsplattforma Canvas. Det er ein føresetnad at studenten disponerer datamaskin med nett-tilkopling.
Nynorsk i opplæringa 2 er delt i tre tema som vil bli introduserte gjennom nettleksjonar fordelt over eitt semester. Kvart tema vil ha ein eigen fagleg profil med tilhøyrande pensumlitteratur og arbeidskrav.
Studentane skal tileigne seg lærestoffet gjennom lesing av pensum, sjølvstudium og skriftleg refleksjon over dette, og gjennom utprøving i eige klasserom. Studentane vil få rettleiing og vurdering, og produkta som blir lagde i mapper for endeleg vurdering skal vere resultat av ein prosess der også medstudentar har vore rettleiarar.
Det blir lagt vekt på å skape eit læringsmiljø der studentane lærer gjennom aktiv deltaking og samhandling. Ein stor del av undervisningsressursen vert brukt til nettbasert rettleiing, individuelt og i grupper. Studentane skal utvikle eigen rettleiingskompetanse ved å rettleie kvarandre.
Frammøtekrav:
Ingen
Arbeidskrav:
Emnet er delt i 3 tema og til kvart tema er det knytt 5 arbeidskrav, til saman 15 arbeidskrav. Alle arbeidskrav skal skrivast på nynorsk.
Til kvart tema må studenten
- skrive to mindre tekster på 1-2 sider
- gje respons til medstudentar
- skrive ei godkjenningstekst på ca 1600 ord (til saman tre godkjenningstekster)
Alle tekstene inngår i ei arbeidsmappe som skal godkjennast av faglærar.
For å få gå opp til eksamen (15 studiepoeng) må alle arbeidskrav vere oppfylte.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Norwegian 2, New Norwegian in education
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Eksamensoppgåve på 3000 ord (+ - 10 prosent) |
Oppgåva skal leverast elektronisk innan ein fastsett frist. Eksamenssvaret skal skrivast på nynorsk, og tematisere nynorsk i opplæringa.