Semestre
NO207 Tekstar, språksystem og retorikk
45 studiepoeng frå tre grunnemne i norsk (nordisk), NO111S, NO112S og anten NO113S eller NO114S.
Emnet gjev ei fordjuping i funksjonelle tilnærmingar til tekstar og til språksystemet som ligg til grunn for tekstane. Det blir lagt vekt på korleis meining blir skapt og kommunisert, og på korleis vi med ulike val frå språksystemet skapar ulike bilete av verkelegheita. Kjernen i emnet er ei innføring i systemisk-funksjonell lingvistikk (SFL), som legg stor vekt nettopp på korleis tekstar blir til gjennom meiningsfulle val. I SFL spør ein ikkje først og fremst kva språk er, men kva språket kan brukast til, og tyding og funksjon er heile tida i sentrum for dei språklege analysane. Studenten får òg ei innføring i moderne retorisk teori, med vekt på effektiv og overtydande kommunikasjon. Emnet gjev dermed solide verktøy for å analysere tekstar i ulike kontekstar og på ulike nivå, i samfunn, skule og utdanning.
Emnet kan, saman med eit litteraturemne, vere ein del av fordjupingsstudiet i norsk, men kan også takast separat, saman med eit anna språkemne (NO201, Nynorsk skriftkultur) eller som del av bachelorstudiet i språk og litteratur.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Etter fullført emne skal studenten ha kunnskap om
- systemisk-funksjonell lingvistikk
- moderne retorisk teori
- korleis språk blir brukt for å skape meining og kommunisere i ulike kontekstar
Studenten er i stand til å
- utføre funksjonelle tekstanalysar med omgrep frå systemisk-funksjonell lingvistikk og retorikk
- analysere tilhøvet mellom tekst og kontekst
- kritisk reflektere over forholdet mellom språk, tekst og samfunn
Studenten skal ha
- generell kompetanse i utforming av vitskaplege tekstar
- innsikt i vitskaplege metodar for analyse av tekstar
Undervisninga blir gjeven i form av nettleksjonar, individuell rettleiing og éi samling ved Høgskulen i Volda. Parallelt med nettleksjonane arbeider studenten med ei semesteroppgåve. Rettleiinga vil i stor grad vere knytt til arbeidet med oppgåva.
Arbeidskrav:
1. I starten av semesteret skal studenten gjere avtale med rettleiar om val av emne og problemstilling for semesteroppgåva.
2. Innan ein fastsett frist skal studenten levere eit utkast til semesteroppgåva på om lag 1500 ord. Utkastet blir kommentert og må godkjennast før studenten kan gå vidare med oppgåva.
3. Studenten skal delta på samlinga. Dersom ein på grunn av sjukdom eller andre presserande grunnar ikkje kan delta på samlinga, kan ein søkje om fritak. I så fall må ein skrive ei oppgåve på om lag 1500 ord (ca. 5 sider).
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Norsk (nordisk) - fordjupingsstudium (nettstudium)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 67 | Eksamen er todelt og består av ei individuell semesteroppgåve på om lag 6000 ord og ei individuell kortsvarsprøve på 4 timar. Kortsvarsprøva er nettbasert. Ved sensuren blir det nytta bokstavkarakterar, og begge deleksamenane må vere bestått (dvs. minst karakter E på kvar deleksamen) for at den samla eksamen skal vere bestått. Ved fastsetjing av endeleg eksamenskarakter tel kortsvarsprøva 1/3, medan semesteroppgåva tel 2/3. | Semesteroppgåve på 6000 ord (utanom litteraturlista) | |
Digital eksamen | Individuell | 4 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 33 | Kortsvarseksamen på 4 timar. |