Semestre
- 2025 Vår
- 2024 Haust
- 2024 Vår
- 2022 Haust
- 2023 Haust
- 2023 Vår
- 2021 Haust
- 2022 Vår
- 2021 Vår
- 2020 Haust
- 2020 Vår
- 2019 Haust
- 2018 Haust
- 2019 Vår
- 2018 Vår
- 2017 Vår
- 2017 Haust
- 2016 Haust
- 2015 Haust
NOIN101 Norsk språk, samfunn og høgskulekultur – ei innføring
Søkjarane må fylle krav til opptak ved universitet og høgskular. Studiet stiller ikkje krav til kunnskapar i Norsk.
Studiet er for internasjonale studentar som er i Erasmus utvekslingsprogram. Emnet vil gi studentane ei kort innføring i det norske samfunnet og det norske språket. Dei vil også få ei kort innføring i akademisk skriving. Mål med studiet er å støtte studentane i å tilpasse seg den norske høgskuleverda, og studentane skal få auka utbyte av utvekslingsopphaldet ved på den eine sida å utvikle ei utvida forståing av landet dei besøker, og på den andre sida å kunne forstå og snakke norsk på elementært nivå.
I samsvar med det nasjonale kvalitetsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Etter å ha fullført dette emnet skal studentane ha:
- kunnskap om nokre hovudlinjer i norsk historie, geografi og samfunnsliv
- kunnskap om nokre trekk ved norsk mentalitet og kultur
- noko kunnskap om grunnleggande norsk på nynorsk
- kunnskap om krav til akademiske tekstar og studentrolla i Noreg
Etter å ha fullført dette emnet skal studentane kunne:
- kommunisere på enkelt norsk daglegspråk
- skrive akademiske tekstar
Etter å ha fullført dette emnet skal studentane:
- kjenne til viktige trekk ved norsk samfunn
- vere kjende med kva forventningar ein har til studentar ved norske høgskular
Undervisingsforma vil vere dominert av dialogbaserte førelesingar, gruppearbeid og presentasjonar. Undervisingsspråket er engelsk. I løpet av studiet skal studentane skrive ei tekst på engelsk, i tråd med krava til akademisk skriving. Studentane vil få rettleiing undervegs i skrivinga, og den endelige teksta vert innlevert til eksamen.
I løpet av studiet skal kvar einskild student ha oppfylt følgjande arbeidskrav:
- Ei individuell, skriftleg tekst på om lag 1000 ord med obligatorisk, individuell rettleiing
- Ein munnleg presentasjon på norsk i grupper
Det er obligatorisk frammøte til undervisninga. jf. forskrift om studium ved Høgskulen i Volda.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
Emnet vert evaluert i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 1000 ord |