Semestre

NOIN101 Norsk språk, samfunn og høgskulekultur – ei innføring

Emnekode: 
NOIN101
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
5
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2022 Vår
Eksamenssemester: 
2022 Vår
Undervisningsspråk: 
Engelsk
Krav til forkunnskapar

Søkjarane må fylle krav til opptak ved universitet og høgskular. Studiet stiller ikkje krav til kunnskapar i Norsk.

Om emnet

Studiet er for internasjonale studentar som er i Erasmus utvekslingsprogram. Emnet vil gi studentane ei kort innføring i det norske samfunnet og det norske språket. Dei vil også få ei kort innføring i akademisk skriving. Mål med studiet er å støtte studentane i å tilpasse seg den norske høgskuleverda, og studentane skal få auka utbyte av utvekslingsopphaldet ved på den eine sida å utvikle ei utvida forståing av landet dei besøker, og på den andre sida å kunne forstå og snakke norsk på elementært nivå.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalitetsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Etter å ha fullført dette emnet skal studentane ha:

  •  kunnskap om nokre hovudlinjer i norsk historie, geografi og samfunnsliv
  •  kunnskap om nokre trekk ved norsk mentalitet og kultur
  •  noko kunnskap om grunnleggande norsk på nynorsk
  •  kunnskap om krav til akademiske tekstar og studentrolla i Noreg
Ferdigheiter

Etter å ha fullført dette emnet skal studentane kunne:

  •  kommunisere på enkelt norsk daglegspråk
  •  skrive akademiske tekstar
Generell kompetanse

Etter å ha fullført dette emnet skal studentane:

  • kjenne til viktige trekk ved norsk samfunn
  • vere kjende med kva forventningar ein har til studentar ved norske høgskular 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisingsforma vil vere dominert av dialogbaserte førelesingar, gruppearbeid og presentasjonar. Undervisingsspråket er engelsk. I løpet av studiet skal studentane skrive ei tekst på engelsk, i tråd med krava til akademisk skriving. Studentane vil få rettleiing undervegs i skrivinga, og den endelige teksta vert innlevert til eksamen.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

I løpet av studiet skal kvar einskild student ha oppfylt følgjande arbeidskrav:

  • Ei individuell, skriftleg  tekst  på om lag 1000 ord med obligatorisk, individuell rettleiing
  • Ein munnleg presentasjon på norsk i grupper

Det er obligatorisk frammøte til undervisninga. jf. forskrift om studium ved Høgskulen i Volda.

Sensorordning

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Maksimumstal: 
28
Emneansvarleg: 
Hilde Kathrine Thomassen
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
1000 ord
Godkjent av: 
Arne Myklebust