Semestre
- 2025 Vår
- 2024 Haust
- 2024 Vår
- 2022 Haust
- 2023 Haust
- 2023 Vår
- 2021 Haust
- 2022 Vår
- 2021 Vår
- 2020 Haust
- 2020 Vår
- 2019 Haust
- 2018 Haust
- 2019 Vår
- 2018 Vår
- 2017 Vår
- 2017 Haust
- 2016 Haust
- 2015 Haust
NOIN101 Norsk språk, samfunn og høgskulekultur – ei innføring
Søkjarane må fylle krav til opptak ved universitet og høgskular. Studiet stiller ikkje krav til kunnskapar i Norsk.
For English version click here!
Studiet er for internasjonale studentar som er i Erasmus utvekslingsprogram. Emnet vil gi studentane ei kort innføring i det norske samfunnet og det norske språket. Dei vil også få ei kort innføring i akademisk skriving. Målet er at studiet skal støtte og hjelpe studentane å tilpasse seg den norske høgskuleverda.
I samsvar med det nasjonale kvalitetsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Etter å ha fullført dette emnet skal studentane ha:
- kunnskap om nokre hovudlinjer i norsk historie, geografi og samfunnsliv
- kunnskap om nokre trekk ved norsk mentalitet og kultur
- noko kunnskap om grunnleggande norsk på nynorsk
- kunnskap om krav til akademiske tekstar og studentrolla i Noreg
Etter å ha fullført dette emnet skal studentane kunne:
- kommunisere på enkelt norsk daglegspråk
- skrive akademiske tekstar
Etter å ha fullført dette emnet skal studentane:
- kjenne til viktige trekk ved det norske samfunnet slik at dei er kjende med kva forventningar ein har til studentar på norske høgskular
Undervisingsforma vil vere dominert av dialogbaserte førelesingar, gruppearbeid og presentasjonar. Undervisingsspråket er engelsk. I løpet av studiet skal studentane skrive ei tekst på engelsk, i tråd med krava til akademisk skriving. Studentane vil få rettleiing undervegs i skrivinga, og den endelige teksta vert innlevert til eksamen.
I løpet av studiet skal kvar einskild student ha oppfylt følgjande arbeidskrav:
- Ei individuell, skriftleg tekst på om lag 1000 ord med obligatorisk, individuell rettleiing
- Ein munnleg presentasjon på norsk i grupper
Det er obligatorisk frammøte til undervisninga. jf. forskrift om studium ved Høgskulen i Volda.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 1000 ord |