Semestre

PPU-PED2 Pedagogikk 2

Emnekode: 
PPU-PED2
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Vår
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
PPU-PED1 Pedagogikk 1
Om emnet

PPU-PED2 består av 15 stp, og bygger på PPU-PED1. PPU-PED2 (pedagogikk 2) er organisert i fire modular desse er:

  • Psykososialt miljø
  • Sosialisering og oppvekst
  • Skulen som organisasjon
  • Skulen og samfunnet

Studiet i pedagogikk skal bidra til at studentane tileignar seg kunnskap om, ferdigheiter og generell kompetanse i kompetanseområda i Forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning (2015) og Nasjonale retningslinjer for praktisk-pedagogisk utdanning - allmennfag (2017). Dette skal skje i samarbeid med fagdidaktikk og praksisfelt. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha kunnskap om:

  • korleis ein skaper eit godt psykososialt miljø i skulen, og kvifor dette er viktig for læring.
  • kommunikasjon og korleis ein som lærar kan byggje relasjonar til enkeltelevar, elevgrupper, foreldre og øvrige samarbeidsinstansar for skuleverket.
  • skulen som organisasjon og korleis denne fungerer, utviklast og endrast.
  • barne- og ungdomskultur og barn og ungdom si utvikling og læring i ulike sosiale og fleirkulturelle kontekster, her under samisk kultur.
  • barn og ungdom i vanskelege situasjonar og om deira rettar til hjelp og oppfølging.
  • nasjonalt (og internasjonalt) forskings- og utviklingsarbeid med relevans for lærarprofesjonen.
  • skulen sitt mandat, opplæringa sitt verdigrunnlag og det heilskaplege opplæringslaupet.
  • faktorar som bidreg til fråfall i vidaregåande opplæring.
  • lov- og planverk med relevans for skulen.
Ferdigheiter

Studenten skal kunne:

  • orientere seg i faglitteraturen og stille seg kritisk til informasjonskjelder og eksisterande teori med relevans for lærarprofesjonen.
  • bygge relasjonar, kommunisere og samarbeide med elevar, føresette, kollegaer og andre tilsette ved skulen.
  • arbeide proaktivt og systematisk med å bygge læringsmiljøet.
  • bruke og vise til relevante forskingsresultat for å treffe grunngjeve val og gjennomføre systematisk fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid.
Generell kompetanse

Studenten kan:

  • analysere eigne behov for kompetanseheving og ha endrings- og utviklingskompetanse for å møte framtida sine behov i skule-, arbeids- og samfunnsliv.
  • bidra til analyse og diskusjon av utdanningspolitiske spørsmål og formål, ideologiar og praksisar i utvikling av demokratiske samfunn, lokalt og globalt.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisnings- og arbeidsmåtane på studiet er ein kombinasjon av førelesningar, gruppearbeid, individuelt arbeid og munnleg og digital dialog/presentasjon i plenum. Sjølvstudium er ein viktig del av læringsarbeidet, og det er tilrådd jamt arbeid gjennom heile semesteret, der ein arbeider med undervisningstema både i for- og etterkant av førelesningar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning og arbeid i grupper og seminar på studiet. Ein viser elles til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6. om obligatorisk frammøte/deltaking i undervisninga, der det står at ein krev 80% frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning i eit emne. Fråvær utover 20 % kan såleis medføre tap av eksamensrett . Det er studenten sitt eige ansvar å halde seg oppdatert om fråveret. Det er viktig å merke seg at denne orienteringa vert rekna som tilstrekkeleg varsel om at enkeltvedtak kan bli fatta om tap av eksamensrett.

Arbeidskrav:

  1. Prosjektplan knytt til tverrfagleg FoU-oppgåve
  2. Presentasjon av FoU-oppgåve på minikonferanse

Vurdering: Godkjend / Ikkje godkjend. Arbeidskrava må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.

Undervisningsplanen gir nærare retningsliner for arbeidskrava, med tanke på omfang og innhald. Arbeidskrava har til hensikt å støtte studentane i deira læringsprosessar, gjennom rettleiing og øving i munnlege, skriftlege og digitale uttrykksformer.

For å kunne gå opp til eksamen må PPU-PRA1 og PPU-PRA2 vere fullført og bestått

Maksimumstal: 
60
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Praktisk-pedagogisk utdanning, allmennfag
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Individuelt tverrfagleg FoU-oppgåve. Ei FoU-oppgåve inneber at studenten sjølv vel tematisk fokus, utformar problemstilling og samlar inn data (kvalitativt eller kvantitativt) for å utvikle meir kunnskap om eit av delemna innan PPU-PED2.
Omfang 7000 ord (+/- 10 %)