Semestre

PPU-PED2 Pedagogikk 2

Emnekode: 
PPU-PED2
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Vår
Emnenavn på engelsk: 
rofessional Teacher Qualification 2
Eksamenssemester: 
2024 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
PPU-PED1 Pedagogikk 1
Om emnet

Pedagogikk i Praktisk Pedagogisk Utdanning (heiltid) utgjer totalt 30 studiepoeng, der 15 stp. vart teke haust (PPU-PED1) og 15 stp. vert teke vår (PPU-PED2). Dei andre 30 stp. er fagdidaktikk (jf. eigne emneplanar for dei ulike faga). 

PPU-PED2 består av 15 stp, og bygger på emne PPU-PED1.  Innhaldet i dette emnet er strukturert  i fire modular :

  • Spesialpedagogikk og inkludering
  • Sosialisering og oppvekst
  • Skolen og samfunnet
  • Læraren som profesjonsutøver

I tillegg til desse fire modulane, er vurdering, tilpassa opplæring og elevkunnskap gjennomgåande tema i heile emnet.  Studiet i pedagogikk skal bidra til at studentane tileignar seg kunnskap om og ferdigheiter i kompetanseområda i Forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning (2015) og Nasjonale retningsliner for praktisk pedagogisk utdanning- allmennfag (2017). Dette skal skje i samarbeid med fagdidaktikk og praksisfelt. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten:

  • har kunnskap om samanhengar mellom  sosiale og kulturelle faktorar i arbeidet med tilpassa og inkluderande opplæring
  • har kunnskap om mangfaldet i elevgruppa sine lære- og utviklingsføresetnader
  • har innsikt i teoretiske perspektiv på danning, utvikling og læring
  • har kunnskap om barne- og ungdomskultur og barn og ungdom si utvikling og læring i ulike sosiale og fleirkulturelle kontekster, her under samisk kultur 
  • har kunnskap om faktorar som bidreg til fråfall i vidaregåande opplæring
  • kjenner sentrale styringsdokument for skolen si verksemd, inklusiv lov og planverk med relevans for skolen
  • har kunnskap om lærarprofesjonalitet og yrkesetiske utfordringar.
  • har kunnskap om forskings- og utviklingsarbeid med relevans for lærarprofesjonen.
  • har kunnskap om barn og unge, i vanskelige livssituasjoner , herunder kunnskap om vold og seksuelle overgrep mot barn og unge, om deira rettigheiter i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv, og om korleis sette i gang nødvendige tiltak etter gjeldande lovverk.
  • har inngående kunnskap om sammenhenger mellom samfunnsutvikling, utdanningspolitikk og skolen si  rolle i samfunnet.
Ferdigheiter

Kandidaten :

  • kan orientere seg i faglitteraturen og stille seg kritisk til informasjonskjelder og eksisterande teori med relevans for lærarprofesjonen  
  • arbeider proaktivt og systematisk med å byggje eit inkluderande felleskap som fremjer trivsel og læring for alle
  • kan bygge relasjonar, kommunisere og samarbeide med elevar, føresette,  kollegaer og øvrige samarbeidsinstansar for skuleverket
  • kan identifisere særskilte behov hos barn og unge, inkludert identifisere teikn på vald eller seksuelle overgrep.  På bakgrunn av faglege vurderinga skal kandidaten kunne etablere samarbeid med aktuelle tverrfaglege og tverretatelege samarbeidspartnarar til barnets beste
Generell kompetanse

Kandidaten :

  • kan analysere eigne behov for kompetanseheving og ha endrings- og utviklingskompetanse for å møte framtida sine behov i skule-, arbeids- og samfunnsliv
  • kan formidle pedagogiske problemstillingar
  • kan reise problemstillingar, undersøke og drøfte desse gjennom teoretisk og empirisk kunnskap og medvirke til utvikling av eigen praksis
  • kan vise og utøve en autonom og profesjonsetisk holdning i møte med alle elever, foresatte og kolleger, og andre samarbeidspartnarar

 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Mykje av undervisninga går føre seg på campus i Volda. Men det kan og bli brukt digitale plattformar. Studentane må ha tilgjenge eigna utstyr  med internett, kamera, høgtalar/ headset og mikrofon

Arbeidsformene i studiet blir ein kombinasjon av forelesningar, gruppearbeid, presentasjon av studentane sitt arbeid i plenum, sjølvstudium og digital dialog i plenum. Gjennom studiet vert det lagt vekt på at kunnskap blir danna gjennom teoretiske studie, praksis og refleksjon over eigen praksis. Læringsutbyttet vert derfor eit resultat av studenten sin eigeninnsats gjennom studie av litteratur, deltaking i undervisning, diskusjon og refleksjon i gruppe eller i plenum over relevante problemstillingar.

Studentane vert organisert i læringsgrupper som nyttast gjennom året.  Samansetninga av gruppene blir bestemt av emneansvarleg  på PPU- PED 2.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøte 

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning og arbeid i grupper og seminar på studiet, dersom ikkje anna er opplyst. Det visast elles til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, om frammøte/deltaking i undervisninga. 

Arbeidskrav 

  • Prosjektplan knytt til utviklingsoppgåve, 1200-1500 ord.
  • Munnleg presentasjon av semesteroppgåve.  
  • Arbeidskrav knytt til modulen Skulen og samfunnet eller Læraren som profesjonsutøvar.

Arbeidskrav som ikkje er knytt til utviklingsoppgåva, kan ha ulike former som t.d. munnleg framlegg i læringsgruppa, nettbasert arbeid i læringsgruppa, kort videopresentasjon som omvendt undervisning. Emneansvarleg skal organisere dette. Det blir lagt opp til at studentane gir tilbakemelding til kvarandre i nokre av arbeidskrava.

Arbeidskrav vert vurdert med godkjent / ikkje godkjent.

Arbeidskrav må vere godkjent for å kunne gå opp til eksamen. 

  • Studenten skal vere til stades på minimum 80% av undervisninga.
  • Arbeidskrav må vere godkjende.
Maksimumstal: 
60
Emneansvarleg: 
Torbjørg Bakke
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Praktisk-pedagogisk utdanning, allmennfag
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
40
Semesteroppgåve med problemstilling innanfor det som er innhaldet/modulane i PPU-PED2
Omfang 4000 ord (+/- 10 %)
Munnleg justerande eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
60
Godkjent av: 
Arne Myklebust