Semestre
PPU-PED2 Pedagogikk 2
PPU-PED2 består av 15 stp, og bygger på PPU-PED1. PPU-PED2 (pedagogikk 2) er organisert i fire modular desse er:
- Psykososialt miljø
- Sosialisering og oppvekst
- Skulen som organisasjon
- Skulen og samfunnet
Studiet i pedagogikk skal bidra til at studentane tileignar seg kunnskap om, ferdigheiter og generell kompetanse i kompetanseområda i Forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning (2015) og Nasjonale retningslinjer for praktisk-pedagogisk utdanning - allmennfag (2017). Dette skal skje i samarbeid med fagdidaktikk og praksisfelt.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha kunnskap om:
- korleis ein skaper eit godt psykososialt miljø i skulen, og kvifor dette er viktig for læring.
- kommunikasjon og korleis ein som lærar kan byggje relasjonar til enkeltelevar, elevgrupper, foreldre og øvrige samarbeidsinstansar for skuleverket.
- skulen som organisasjon og korleis denne fungerer, utviklast og endrast.
- barne- og ungdomskultur og barn og ungdom si utvikling og læring i ulike sosiale og fleirkulturelle kontekster, her under samisk kultur.
- barn og ungdom i vanskelege situasjonar og om deira rettar til hjelp og oppfølging.
- nasjonalt (og internasjonalt) forskings- og utviklingsarbeid med relevans for lærarprofesjonen.
- skulen sitt mandat, opplæringa sitt verdigrunnlag og det heilskaplege opplæringslaupet.
- faktorar som bidreg til fråfall i vidaregåande opplæring.
- lov- og planverk med relevans for skulen.
Studenten skal kunne:
- orientere seg i faglitteraturen og stille seg kritisk til informasjonskjelder og eksisterande teori med relevans for lærarprofesjonen.
- bygge relasjonar, kommunisere og samarbeide med elevar, føresette, kollegaer og andre tilsette ved skulen.
- arbeide proaktivt og systematisk med å bygge læringsmiljøet.
- bruke og vise til relevante forskingsresultat for å treffe grunngjeve val og gjennomføre systematisk fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid.
Studenten kan:
- analysere eigne behov for kompetanseheving og ha endrings- og utviklingskompetanse for å møte framtida sine behov i skule-, arbeids- og samfunnsliv.
- bidra til analyse og diskusjon av utdanningspolitiske spørsmål og formål, ideologiar og praksisar i utvikling av demokratiske samfunn, lokalt og globalt.
Undervisnings- og arbeidsmåtane på studiet er ein kombinasjon av førelesningar, gruppearbeid, individuelt arbeid og munnleg og digital dialog/presentasjon i plenum. Sjølvstudium er ein viktig del av læringsarbeidet, og det er tilrådd jamt arbeid gjennom heile semesteret, der ein arbeider med undervisningstema både i for- og etterkant av førelesningar.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning og arbeid i grupper og seminar på studiet. Ein viser elles til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6. om obligatorisk frammøte/deltaking i undervisninga, der det står at ein krev 80% frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning i eit emne. Fråvær utover 20 % kan såleis medføre tap av eksamensrett . Det er studenten sitt eige ansvar å halde seg oppdatert om fråveret. Det er viktig å merke seg at denne orienteringa vert rekna som tilstrekkeleg varsel om at enkeltvedtak kan bli fatta om tap av eksamensrett.
Arbeidskrav:
- Observasjonsplan for semesteroppgave
- Presentasjon av semesteroppgave på minikonferanse
Vurdering: Godkjend / Ikkje godkjend. Arbeidskrava må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.
Undervisningsplanen gir nærare retningsliner for arbeidskrava, med tanke på omfang og innhald. Arbeidskrava har til hensikt å støtte studentane i deira læringsprosessar, gjennom rettleiing og øving i munnlege, skriftlege og digitale uttrykksformer.
For å kunne gå opp til eksamen må PPU-PRA1 og PPU-PRA2 vere fullført og bestått
- Praktisk-pedagogisk utdanning, allmennfag
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Semesteroppgåve basert på observasjonsdata innhenta i observasjonspraksis. Studenten vel sjølv problemstilling for oppgåva. | Omfang 4000 ord (+/- 10 %) | ||
Munnleg justerande eksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 |