Semesters
PPU125-15 PPU: Fagdidaktikk - Drama/teater, 15 stp
180 stp, med minimum 90 stp i drama/teater.
Fagdidaktikk i drama/teater gir innsikt i og erfaring med ulike undervisningsformer i skulen og drama og teater som kunst- og kulturelt uttrykk. Studiet tek også opp forholdet mellom undervisning i drama i skulen, og drama og teater som kunst- og kulturuttrykk og vitskapsfag. Studiet kvalifiserer deg som drama- og teaterlærar i skule og kulturskule.
Studentane skal arbeide med:
- korleis nytte drama som metode for å bidra i utviklinga av dei grunnleggjande ferdigheitene til elevane
- utarbeiding av undervisningsplanar med utgangspunkt i aktuelle læreplanar
- planleggjing, grunngjeving, tilrettelegging og instruering av opplæring som siktar mot sceniske presentasjonar eller kulturelle produkt på ulike nivå
- ulike modellar for teaterformidling som kan gjere teaterkunst tilgjengeleg for eit bredt barne- og ungdomspublikum
- tilpassa opplæring til elevane sine ulike føresetnader og bakgrunn
- vurdering
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har kunnskap om ulike modellar for drama- og teaterformidling som kan gjere teaterkunst tilgjengeleg for eit bredt barne- og ungdomspublikum.
- har kunnskap om drama- og dramadidaktiske teoriar og problemstillingar.
Studenten
- kan nytte drama som metode for utvikling av grunnleggjande ferdigheiter som lesing og munnleg aktivitet.
- kan tilretteleggje for arbeid med estetiske læreprosessar for elevar, individuelt og i gruppe.
- kan vurdere arbeidet elevane gjer.
Studenten
- har innsikt i læreplananalyse og i relevanre faglege og yrkesetiske problemstillingar.
Undervisinga vil ha ulike former som:
- førelesing
- prosjektarbeid
- sjølvstudium
- gruppearbeid
- rettleiing
- skriftleg dokumentasjon vert knytt til både det praktiske og det teoretiske arbeidet.
Frammøtekrav:
- Emnet forutset aktiv deltaking og engasjement, og all undervisning er obligatorisk. For å kunne ta eksamen må studenten ha eit godkjent oppmøte på minimum 80%
Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6, om obligatorisk frammøte/deltaking.
Arbeidskrav:
- 3 fagtekstar kvar på ca 1500 ord, ei oppgåve knytt til praksis, dei to andre til ulike fagdidaktiske emne vi tek opp på samlingane.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap.5
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | 1 Week | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Kandidaten vel ut to av fagtekstane frå arbeidskrava som skal leverast til vurdering, saman med ein presentasjonstekst (100 ord) der studenten presenterer fagtekstane og arbeidet med dei, og grunngjev valet. | Alle | 4000 ord |