Semesters

PPU126-15 PPU: Fagdidaktikk - Formgjeving/Kunst og handverk, 15 stp

Course code: 
PPU126-15
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2016 Autumn
2017 Spring
Assessment semester: 
2017 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Emnet er ein del av studieprogrammet Praktisk pedagogisk utdanning allmenn heiltid. Gjennom undervisning i felles fagdidaktikk vert det gitt innføring i sentrale felles fagdidaktiske område som : fagplanhistorie, tilpassa opplæring, didaktiske utfordringar knytte til elevar som ikkje har norsk som morsmål, dei fem grunnleggande ferdigheitene (lesing, skriving, munnleg, rekning og IKT) og nasjonale prøver.

Innhaldet i fagdidaktikk formgjeving/kunst og handverk vil vere:

  • faget si grunnlagstenking knytt til eigenart og posisjon i skulen i eit historisk perspektiv 
  • planarbeid som omfattar arbeid med aktuelle læreplanar og planlegging av undervisning, herunder tilpassa opplæring, varierte arbeidsformer, tverrfagleg verksemd, prosjektarbeid og IKT i faget (utvikling av lokal læreplan)
  • Vurdering og rettleiing
  • Førebuing og refleksjon knytt til praksis

Læringsutbytte er henta frå studieplanen som bygger på Rammeplan for praktisk- pedagogisk utdanning, fastsett 21. desember 2015 av Kunnskapsdepartementet.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten har kunnskap om:

  • planlegging, gjennomføring, vurdering og grunngjeving for undervisning i faget tilpassa den enkelte elev og elevgruppe
  • grunnleggjande fagdidaktiske omgrep og evne til å utøve fagkritikk,
  • å fornye og utvikle faget både i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv
  • forståing for fagfeltet sin eigenverdi, i historisk, samfunnsmessig og kulturelt perspektiv
  • barn og unge i vanskelege livssituasjonar, herunder kunnskap om vold og seksuelle overgrep, og om barn og unge sine rettar i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv. 
  • korleis skulen kan jobbe for å fremje helse og trivsel hos barn og unge.
Learning outcome skills

 Studenten har ferdigheiter i:

  • å planlegge, gjennomføre, vurdere og grunngje formgjeving-, kunst og handverkspedagogisk verksemd
  • å identifisere særskilde behov hos barn og unge, herunder identifisere, teikn på psykiske vanskar, vold eller seksuelle overgrep. På bakgrunn av faglege vurderingar skal kandidaten raskt kunne setje i verk nødvendige tiltak.
Learning outcome qualification

Studenten:

  • kan reflektere over eigen profesjonsutøving og utvikle undervisningsmetodar tilpassa den einskilde eleven
  • kan med utgangspunkt i fagleg erfaring, praksisrefleksjon og kjennskap til faglitteratur utvikle evne til å tenke nytt i faget
  • kan rettleie og samarbeide med kollegaer for å styrke dei praktiske og estetiske dimensjonar i alle fag og i skulen som heilskap
Working and learning activities

Læringsarbeidet vil skje på to ulike nivå: i plenum (felles fagdidaktikk fag) og i gruppe i det enkelte fag (formgjeving/kunst og handverk).

 

Assessment requirements

3 fagtekstar på omlag 2500 ord, innlevert til avtalt tid og godkjend.

Det er obligatorisk frammøte til undervisninga. Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking. 

Evaluation

 Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem

Maximum number of students: 
12
Person in charge: 
Sissel Midtlid
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
To av fagtekstane på omlag 2500 ord. En presentasjonstekst på omlag 1000 ord.